Dette smykket gir bunaden eit løft

Agnus Dei, offerdåse eller brudedalar – dette praktfulle hengjesmykket har mange namn og ei rik historie. Dei vakre detaljane og djupe symbolikken gjer desse smykka til eit staseleg tillegg til bunadsølvet.

Agnus Dei, også kjent som offerdåse eller brudedalar, er eit vakkert smykke med utsøkte detaljar. Kvinner med komplett bunadsølv ynskjer seg gjerne dette staselege smykket i tillegg.

Hengesmykket kan brukast til dei aller fleste bunader. Fellestrekket er at dei, frå gamalt av, har eit rundt midtstykke, gjerne laga av ei sølje, ein medaljong eller pengemynt som var festa til ei lang kjede.

Midtstykket har tre heng, og dette var ikkje tilfeldig. Talet tre var nemleg «magisk» og symboliserte den heilage treeininga.

 

Agnus dei

Som med mykja anna bunadsølv, har også desse smykka ei religiøs tyding. Det latinske namnet Agnus Dei har katolsk opphav og tyder Guds lam, eit symbolsk bilete frå Johannes-evangeliet der døyparen Johannes omtalar Jesus som Guds lam.

 

Sjå utvalet av dalarar og Agnus Dei her

 

På 800-talet begynte den katolske kyrkja i Roma å dela ut oblat til pilegrimane som kom rundt påsketider. Oblaten vart omtala som Agnus Dei og bestod av voks frå påskelysa i Peterskyrkja, blanda med balsam og vigsla olje. Desse oppbevarte pilegrimane i ein medaljong av edelt metall, og etterkvart var det sjølve medaljongen som vart kalla Agnus Dei.

Med tida vart også nemninga brukt på andre type medaljongar og store halssmykke med religiøse motiv.

 

 

Av Foto Anne-Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum - Norsk Folkemuseum: image no. NF.1999-3351, via digitaltmuseum.no., CC BY-SA 4.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=33171230
Ein gamal Agnus Dei eller brudedaler med bilete av Guds lam og innskrift: Agnus Dei Quitollis Peccata Mundi (Guds lam som tar bort verdens synder).

Foto Anne-Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum - Norsk Folkemuseum: image no. NF.1999-3351, via digitaltmuseum.no., CC BY-SA 4.

 

Brudedaler & myntdaler

Etter reformasjonen i 1536 vart det meir og meir vanleg med hengesmykke av dalarar eller myntar. Dei hang gjerne på såkalla panserkjede/breikjede, ei brei og flat kjede av små ringar som er fletta saman.

Rundt om i bygdene her til lands var dalaren ein del av det tradisjonelle draktsølvet til brura, difor vart den også kalla brudedaler. Ofte vart dei gjeve som festargåve (trulovingsgåve). Brudedalaren symboliserte overgangen frå ugift til gift, og hadde dessutan ei kraft som skulle verna brura, svangerskapet, mor og barn mot farar og vonde makter.

 

Myntdalar og breikjede på hardangerbunad.

Offerdåse

Nokre av dalarane vart laga med oppbevaring til myntar for ofring i gudstenesta og vart kalla offerdåse. Desse var spesielt utbreidd i Møre og Romsdal og hadde ofte eit krusifiks nedst.

Breikjeda finst i både kvitt og oksidert sølv, og sjølv om det er vanleg å bruka den saman med dalarar, er det også mange som brukar den åleine som smykke til bunaden. Dette ser ein til dømes på bunader frå Voss, Hardanger og Nordhordland.

Offerdåse er eit vakkert smykke med flotte detaljar, og kvinnene som alt har komplett sølv til bunaden, ønsker seg gjerne dette staselege smykket i tillegg.

-Kristin Myhre, Marknadssjef Sylvsmidja

Kven kan bruka desse smykka?

Brudedaler var utbreidd i heile landet og passar til dei fleste bunader frå nord til sør.

På Vestlandet og i Trøndelag er det vanleg med filigrandekorerte Agnus Dei.

Nokre stader blir hengesmykket framleis sett på som symbol på ei gift kvinne, men det er også mange som ynskjer å bruka desse praktfulle smykka, jamvel om dei ikkje er gifte.

Slik har det også blitt med stabbursnøkkelen, og spesielt sølvbeltet – drakttilbehør som opphavleg var forbeholdt gifte kvinner, men som i dag er eit vanleg syn blant konfirmantane også.

LES OGSÅ: Så mange stølar skal du ha til sølvbeltet

LES OGSÅ: Kor skal stabbursnøkkelen heng

Myntdalar

Dalaren er pryda med den dansk-norske kongen Christian VII sitt speilmonogram og teksten "D G Dan Norv Vand Goth Rex" som tyder "Av Guds nåde, danskers, nordmenns, vendernes og goternes konge".  På myntane står det "Frid IIII Dei Grat", Fredrik den 4., av Guds nåde.