Generelt

Du må vera fylt 18 år for å handla på sylvsmidja.no.
Å handla på sylvsmidja.no er trygt. Kjøpet ditt er regulert av avtalelova, forbrukarkjøpslova, marknadsføringslova, angrerettlova og ehandelslova. Desse lovene kan ikkje fråvikast og gir deg som kunde viktige rettar.

Salsvilkår

Avtalen

Avtalen består av desse salsvilkåra, opplysningar oppgitt i bestillingsløysinga og eventuelt særskilt avtalte vilkår. Ved eventuell motstrid mellom opplysningane, går det som særskilt er avtalt mellom partane framføre, så sant det ikkje er i strid mot lovene som ikkje kan fråvikast.

Avtalen vil i tillegg bli utfylt av relevante føresegn som regulerer kjøp av varer mellom næringsdrivande og forbrukarar.

 

Partane

Seljar er: Sylvsmidja AS, Postboks 340, 5702 Voss
Føretaksregistrert NO 914 302 307
kundeservice@sylvsmidja.no
Telefon: 56523910

Seljar vert i det fylgjande nemnt «me», «oss», «vår» eller «våre».

Kjøpar er: Personen som er oppgitt som kjøpar i bestillinga, og vert i det fylgjande nemnt «du», «deg», «din» eller «ditt».

 

Pris

Alle prisane i nettbutikken, samt leveringskostnadar (frakt, porto, fakturagebyr, emballasje, etc.) er i norske kroner og inklusive alle avgifter (meirverdiavgift, toll o.l.). Dei enkelte elementa i totalprisen vert spesifisert i bestillingsløysinga før bestilling er utført. Me tek atterhald om at skrivefeil eller tekniske feil i produktinformasjon, pris og bilde kan førekoma.

Avtaleinngåing

Avtalen er bindande for begge partar når du har sendt bestillinga di til oss.
Avtalen er likevel ikkje bindande viss det har skjedd ein skrive- eller tastefeil i tilbodet frå oss i bestillingsløysinga i nettbutikken eller i bestillinga di, og den andre parten innsåg eller burde ha innsett at det er ein slik feil.

Design di eiga sølje

Gjennom funksjonaliteten «Design di eiga sølje» har du mogelegheit til å skreddarsy ei sølje som er basert på komponentar som Sylvsmidja har i sitt sortiment. Det skjer ingen overføring av immaterielle rettar frå Sylvsmidja AS til den som designar sølje vha. denne funksjonaliteten. Sidan sølja byggjast av delar som allereie er i Sylvsmidja sitt sortiment er det også mogeleg at det vert bygd tilsvarande søljer av andre kundar.  Sjølve produktet vert sjølvsagt ditt til odel og eige når det er betalt.

Betaling

Me kan krevja betaling for varen frå det tidspunktet den blir sendt frå oss til deg. Alle våre transaksjonar føregår i norske kroner. Ved bruk av kredittkort eller debetkort ved betaling, kan me reservera kjøpesummen på kortet ved bestillinga. Kortet vert belasta same dag som varen vert sendt. Du kan også betala med Vipps eller faktura. Me brukar Nets Easy som betalingsløysing.

Levering

Levering er skjedd når du, eller din representant, har overtatt varen.

Leveringstidspunkt skal opplysast om i bestillingsløysinga. Dersom det ikkje er gjort, skal me levera varen til deg utan unødig opphald og seinast 30 dagar etter at me har mottatt bestillinga di. Varen skal leverast til kjøpar med mindre anna er særskilt avtalt mellom partane.

Levering skjer kun innan fastlands-Norge.

Risiko for varen

Risikoen for varen går over på deg når du, eller din representant, har fått varene levert i tråd med punkt 6.

Angrerett

Med mindre avtalen er unntatt frå angrerett, kan du angra kjøpet av varen i samsvar med angrerettlova. Me utvidar angrefristen frå 14 dagar til 40 dagar.

Du må gje oss melding om bruk av angreretten innan 40 dagar frå fristen begynner å gå. I fristen er alle kalenderdagar inkludert. Dersom fristen ender på ein laurdag, heilagdag eller høgtidsdag vert fristen forlenga til næraste virkedag.

Angrefristen er ansa som overhaldt dersom melding er sendt før utløpet av fristen. Du har bevisbyrden for at angreretten er blitt gjort gjeldande, og meldinga bør difor skje skriftleg (angreskjema, e-post eller brev).

Angrefristen begynner å gå:

• Ved kjøp av enkeltståande varer vil angrefristen gjelda frå dagen etter varen(e) er mottatt.
• Består kjøpet av fleire leveringar, vil angrefristen begynna å gå frå dagen etter siste levering er mottatt.

Ved bruk av angreretten må varen leverast tilbake til oss utan unødig opphald og seinast 40 dagar frå melding om bruk av angreretten er gitt. Du dekkjer dei direkte kostnadane ved å returnera varen, med mindre anna er avtalt eller me ikkje har opplyst om at kjøpar skal dekka returkostnadane. Me kan ikkje fastsetta gebyr for din bruk av angreretten.

Du kan prøva eller testa varen på ein forsvarleg måte for å fastslå varens art, eigenskapar og funksjon, utan at angreretten fell vekk. Dersom prøving eller test av varen går utover kva som er forsvarleg og nødvendig, kan du bli ansvarleg for eventuell redusert verdi på varen.

Me er forplikta til å tilbakebetala kjøpesummen til deg utan unødig opphald, og seinast 14 dagar frå me får melding om di avgjerd om å nytta angreretten. Me har rett til å halda tilbake betalinga til me har mottatt varen frå deg, eller til du har lagt fram dokumentasjon for at varen er sendt tilbake.

Merk at angreretten omfattar ikkje produkt gjennom “design di eiga sølje”, produkt som er gravert eller som på andre måtar er framstilt etter kundens spesifikasjonar, jf. angrerettlova § 22.

Forseinking og manglande levering – dine rettar og frist for å melda krav

Dersom me ikkje leverer varen eller leverer den for seint i samsvar med avtalen mellom partane, og dette ikkje har si årsak i deg eller forhold på di side, kan du i samsvar med reglane i forbrukarkjøpslova, kapittel 5 etter tilhøva halda kjøpesummen tilbake, krevja oppfylling, heva avtalen og/eller krevja erstatning frå oss.

Ved krav om misleghald bør meldinga av bevisomsyn vera skriftleg (for eksempel e-post).

• Oppfylling
Du kan halda fast ved kjøpet og krevja oppfylling frå oss. Du kan likevel ikkje krevja oppfylling dersom det føreligg ei hindring som me ikkje kan overvinna, eller dersom oppfylling vil medføra ein så stor ulempe eller kostnad for oss at det står i vesentleg misforhold til di interesse i at me oppfyller. Skulle vanskane falla vekk innan rimeleg tid, kan du likevel krevja oppfylling.
Du tapar din rett til å krevja oppfylling om du ventar urimeleg lenge med å fremja kravet.

• Heving
Dersom me ikkje leverer varen på leveringstidspunktet, skal du oppmoda oss til å levera innan ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling. Dersom me ikkje leverer varen innan tilleggsfristen, kan du heva kjøpet. 
Du kan likevel heva kjøpet umiddelbart dersom me nektar å levera varen. Tilsvarande gjeld dersom levering til avtalt tid var avgjerande for inngåing av avtalen, eller dersom du har underretta oss om at leveringstidspunktet er avgjerande.
Vert varen levert etter tilleggsfristen du har satt eller etter leveringstidspunktet som var avgjerande for inngåing av avtalen, må krav om heving gjerast gjeldande innan rimeleg tid etter at du fekk vite om leveringa.

• Erstatning
Du kan krevja erstatning for lidt tap som følge av forseinkinga. Dette gjeld likevel ikkje dersom me godtgjer at forseinkinga har årsak i hindringar utanfor vår kontroll som ikkje med rimelegheit kunne blitt tatt i betraktning på avtaletida, unngått, eller overvunne følgene av.

Mangel ved varen – dine rettar og reklamasjonsfrist

Viss det føreligg ein mangel ved varen må du innan rimeleg tid etter at den blei oppdaga eller burde ha blitt oppdaga, gje oss melding om mangelen. Du har alltid reklamert tidsnok dersom det skjer innan 2 månader frå mangelen blei oppdaga eller burde blitt oppdaga. Reklamasjon kan skje seinast to år etter at du overtok varen. Dersom varen eller deler av den er meint å vara vesentleg lenger enn to år, er reklamasjonsfristen fem år.

Dersom varen har ein mangel og dette ikkje har sin årsak i deg eller forhold frå di side, kan du samsvar med reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 6 etter tilhøva halda kjøpesummen tilbake, velja mellom retting og omlevering, krevja prisavslag, krevja avtalen heva og/eller krevja erstatning frå oss.

Reklamasjon til oss bør skje skriftleg.

Me har livstidsgaranti på bunadsølv og dekkjer eventuelle feil og manglar som følgje av produksjonsfeil. Garantien gjeld ikkje ved unormal slitasje eller feil bruk. På klokker er det 2 års garanti. For meir info om Sylvsmidja sin garanti, les pkt. 12.

• Retting eller omlevering
Du kan velja mellom å krevja mangelen retta eller levering av tilsvarande vare. Me kan likevel motsetta oss dine krav dersom gjennomføringa av kravet ikkje er mogleg eller påfører oss urimelege kostnadar. Retting eller omlevering skal utførast innan rimeleg tid. Me har i utgangspunktet ikkje rett til å utføra meir enn to avhjelpsforsøk for same mangel.

• Prisavslag
Du kan krevja eit passande prisavslag dersom varen ikkje blir retta eller omlevert. Dette inneber at forholdet mellom nedsett og avtalt pris svarar til forholdet mellom verdien på varen i mangelfull og kontraktsmessig stand. Dersom særlege grunnar talar for det, kan prisavslaget i staden setjast lik mangelens betyding for deg.

• Heving
Dersom varen ikkje er retta eller omlevert, kan du også heva kjøpet når mangelen ikkje er uvesentleg.

Seljaren sine retter ved kjøparen sitt misleghald

Dersom du ikkje betalar eller oppfyller dei andre pliktene etter avtalen eller lova, og dette ikkje har si årsak i oss eller forhold på vår side, kan me i samsvar med reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 9 etter tilhøva halda varen tilbake, krevja oppfylling av avtalen, krevja avtalen heva samt krevja erstatning frå deg. Me vil også etter tilhøva kunna krevja renter ved forsinka betaling, inkassogebyr og eit rimeleg gebyr ved uhenta varer.

• Oppfylling
Me kan fasthalda kjøpet og krevja at du betalar kjøpesummen. Er varen ikkje levert, tapar me retten dersom me ventar urimeleg lenge med å fremja kravet.

• Heving
Me kan heva avtalen dersom det føreligg vesentleg betalingsmishald eller anna vesentleg mishald frå di side. Me kan likevel ikkje heva dersom heile kjøpesummen er betalt. Dersom me set ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling og du ikkje betalar innan denne fristen, kan me heva kjøpet.

• Renter ved forsinka betaling/inkassogebyr
Dersom du ikkje betalar kjøpesummen i samsvar med avtalen, kan me krevja renter av kjøpesummen etter forseinkingsrentelova. Ved manglande betaling kan kravet, etter føregåande varsel, bli sendt til inkasso. Du kan då bli haldt ansvarleg for gebyr etter inkassolova.

• Gebyr ved uhenta ikkje-forskotsbetalte varer
Dersom du unnlèt å henta ubetalte varer, kan me belasta deg med eit gebyr. Gebyret skal maksimalt dekkja våre faktiske utlegg for å levera varen til deg.

Garanti

Sylvsmidja har livstidsgaranti* på bunadsølv. Blir bunadsølvet skada eller øydelagd på grunn av produksjonsfeil så erstattar me dette.
Garantien me gir deg kjem i tillegg til dei rettane du allereie har som er i samsvar med lovene som ikkje kan fråvikast. Garantien inneber dermed ingen reduksjon i dine rettar til reklamasjon og krav ved forseinking eller manglar etter punkt 9 og 10.

*Livstidsgarantien gjeld ikkje klokker. Her er det 2 års garanti.

Personopplysningar

Me er ansvarlege for handsaming av innsamla personopplysningar. Med mindre du samtykkjer til noko anna, kan me, i tråd med personopplysningslova, berre innhenta og lagra dei personopplysningane som er nødvendig for at me skal kunna gjennomføra våre plikter etter avtalen. Dine personopplysningar vil berre bli utlevert til andre viss det er nødvendig for at me skal få gjennomført avtalen med deg, eller i lovbestemte tilfelle.

Konfliktløysing

Klagar rettast til oss innan rimeleg tid, jf. punkt 9 og 10. Partane skal prøva å løysa eventuelle tvistar i minnelegheit. Dersom dette ikkje lykkast, kan du ta kontakt med Forbrukarrådet for mekling. Forbrukarrådet er tilgjengeleg på telefon 23 400 500 eller www.forbrukerradet.no.