1. Innleiing

Sylvsmidja jobbar for å ha ein berekraftig forretningspraksis som respekterer menneskjer, samfunn og miljø. Dette policy-dokumentet dannar grunnlaget for Sylvsmidja sitt arbeid med miljø, sosiale rettar og selskapsstyring, kjent som ESG (Environmental, Social and Governance).

Sylvsmidja skal driva verksemda si i samsvar med prinsipp for ansvarleg, etisk og sunn forretningspraksis og overhalda gjeldande lovar og forskrifter.

Me utfører oppgåvene våre i samsvar med lovar og reglar i Noreg og i dei landa me  har verksemd. I tillegg skal me respektera avtaler me har inngått med samarbeidspartnarar. Der det er forskjellar mellom gjeldande lovar, reglar, avtalar med tredjepartar eller etiske retningslinjer og andre styringsdokument, følgjer me den høgste standarden.

Den overordna målsettinga med Sylvsmidja sitt berekraftsarbeid er å bidra til at dagens generasjonar skal få dekkja sine behov utan å øydeleggja framtidige generasjonar sin mogelegheit til å få dekkja sine.

Sylvsmidja har vedtatt at følgjande berekraftsmål skal ha ein spesiell fokus for perioden 2022 – 2024:

I det etterfylgjande vil dei overordna målsettingane for ESG-arbeidet i Sylvsmidja verta presenterte. 

 

2. Miljø og klima

  1. Me skal ha eit klimaarbeid som er i samsvar med Paris-avtalen sine plikter, samt nasjonale og lokale myndigheiter sin politikk for klima og miljø. Me skal innanfor desse pliktene arbeida med å gjera eventuell negativ verknad på miljøet så liten som mogeleg.
  2. Me skal vera ein aktiv bidragsytar til ein sirkulær økonomi der me utnyttar  naturressursar og produkt effektivt og så lenge som mogeleg, i eit kretsløp der minst mogeleg ressursar går tapt.
  3. Kva betyr dette for oss i Sylvsmidja?
    • Me skal syta for at me tek omsyn til klima- og miljømessige konsekvensar i våre avgjersler og la handlingane våre reflektera desse tilhøva.
    • Me skal bidra til å minimera energiforbruk, utslepp og avfall der det er mogeleg, og alltid syta for forsvarleg levering av avfall i samsvar med nasjonale og lokale myndigheiter sine reglar.
    • Ombruk, resirkulering og gjenvinning skal vera eit viktig element i vår forretningsmodell. 
    • Me skal arbeida for å verta miljøfyrtårnbedrift.
    • Me skal gjennomføra vurderingar kring korleis arbeidet med klima og miljø vert ivaretatt hjå våre samarbeidspartnarar, t.d. hjå forhandlarar og leverandørar. Dette betyr også at dersom me vert kjente med at samarbeidspartnarar ikkje lever opp til nasjonale og lokale standardar på området, skal me yta råd og rettleiing om kva det vil seia å samarbeida med oss, og om naudsynt, avslutta vårt forretningstilhøve med den aktuelle part.

 

3. Sosiale rettar og samfunnsansvar

  1. Me skal etterleva internasjonalt anerkjente menneske- og arbeidstakar-rettar, som følgjer av mellom anna FN sin..:  
    • Erklæring om menneskerettar
    • Konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar
    • Konvensjon om sivile og politiske rettar
    • ILOs kjernekonvensjonar om grunnleggjande rettar og prinsipp i arbeidslivet. Dette inkluderer organisasjonsfridom og anerkjenning av rett til kollektive forhandlingar, avskaffing av alle former for tvangsarbeid og barnearbeid.
  2. Me skal bidra til UNESCOs konvensjon om vern av den immaterielle kulturarven gjennom å laga bunadsølv og fortelja historier om relaterte  handverkstradisjonar.   
  3. Me skal respektera samfunnet me er ein del av, og syta for at dei som vert påverka av vår verksemd vert involverte på område der dette har verknad for omgjevnadane.
  4. Kva betyr dette for oss i Sylvsmidja?
    • Me er medlem i Næringslivets Hovudorganisasjon/NHO og jobbar aktivt for å ha eit godt partssamarbeid lokalt i verksemda i samsvar med aktuelle tariffavtaler. 
    • Me har eit arbeidsmiljøutval som regelmessig drøftar tilhøve relatert til arbeidsmiljøet og som årleg vedtar ein plan for helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet i verksemda.
    • Me er medlem i bransjeorganisasjonen Norges Gullsmedforbund.  
    • Me skal vurdera kva verknad drifta vår har for lokalsamfunnet og ta desse med i vurderinga når me tar avgjersler. Løysingar skal vera tilpassa verksemda sine behov, men også lokale tilhøve og plikter.
    • Me vidarefører tradisjonen med å laga bunadsølv i Noreg, brukar tradisjonelle handverksteknikkar og fortel historier om denne delen av den norske kulturarven. 
    • Me skal gjennomføra aktsemdsvurderingar kring grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve og korleis desse rettane vert ivaretatt hjå våre samarbeidspartnarar, t.d. hjå forhandlarar og leverandørar. Dette betyr også at dersom me vert kjente med at samarbeidspartnarar ikkje lever opp til nasjonale og lokale standardar på området, skal me yta råd og rettleiing om kva det vil seia å samarbeida med oss, og om naudsynt, avslutta vårt forretningstilhøve med den aktuelle part.

 

4. Selskapsstyring og forretnings-praksis

  1. Me gjennomfører årlege ESG-analysar for å vidareutvikla verksemda sine retningsliner for miljø, sosiale forhold og selskapsstyring.
  2. Me har eit internkontrollsystem som er i kontinuerleg utvikling og som inkluderer vurderingar, planar og tiltak knytt til risiko, indre og ytre miljø.
  3. Me arbeider for ein helsebringande arbeidskvardag som er fri for fysiske og psykiske skadeverknadar.
  4. Me har ein personalpolitikk og arbeidskultur som er prega av likeverd, uavhengig av livssyn, kjønn, etnisitet, funksjonsevne, livsfase og seksuell orientering.
  5. Me tolererer ikkje nokon form for korrupsjon, direkte eller indirekte.
  6. Me konkurrerer på ein rettferdig og etisk forsvarleg måte. Me held oss til gjeldande konkurranselover i dei marknadane me er til stades i.  
  7. Me gjer ikkje forretningar med land, grupper, organisasjonar eller enkeltpersonar som er underlagt sanksjonar frå FN eller myndigheiter i USA, EU, Storbritannia eller Noreg.
  8. Me arbeider for å forhindra kvitvasking. Me aksepterer ikkje at personar som jobbar for, eller på vegne av oss, legg til rette for kvitvasking, skatteunndraging eller andre former for økonomisk kriminalitet.
  9. Me beskyttar digital og fysisk informasjon, åndsverk og personopplysningar som me utarbeidar og nyttar i verksemda slik at me sikrar naudsynt og lovpålagt konfidensialitet og integritet.
  10. Me merkar edelmetallprodukta våre i samsvar med Edelmetallova. Dette betyr at vårt offentleg registrerte ansvarsmerke, ein «J»/eit drikkehorn, er stempla bak på produkta våre saman med finheitsgraden. Dette er også kvalitetsstempelet som gir deg livstidsgaranti mot produksjonsfeil på bunadsølv frå Sylvsmidja.
  11. Me har ein årsrekneskap og ei årsmelding som er offentlege, og som gjev eit rettvisande oversyn over utviklinga i selskapet, resultatet og stillinga ved slutten av rekneskapsåret.
  12. Me forventar at våre forretningspartnarar følgjer gjeldande lovgjeving, respekterer internasjonalt anerkjente menneskerettar og følgjer etiske standardar som samsvarar med våre etiske krav.
  13. Me ynskjer å jobba med andre som deler vår haldning til samfunnsansvar, etikk og etterleving.
  14. Me forventar at våre samarbeidspartnarar har dialog med oss og gjev oss tilgang til informasjon slik at me kan gjera naudsynte aktsemdsvurderingar i samsvar med dette policy-dokumentet.

 

5. Forbetringsarbeid, klager og rapportering

  1. Dersom du som tilsett i Sylvsmidja har framlegg til forbetringar, opplever kritikkverdige tilhøve eller brot på retningslinene i dette dokumentet vil me at du tar saka opp i samsvar med «Rutine for Varsling om kritikkverdige forhold» i Sylvsmidja si HMS-handbok.
  2. Dersom du som forretningsforbindelse, eller som ein part utan relasjon til Sylvsmidja, har framlegg til forbetringar, opplever kritikkverdige tilhøve eller brot på retningslinene i dette dokumentet vil me at du tar saka opp med dagleg leiar. Om dette ikkje fører fram, eller du meiner at saka ikkje får tilstrekkeleg oppfølging, vil me at du tar saka opp med styreleiar i  Sylvsmidja.


         Rapport om aktsemdsvurdering