4 flotte frisyrar til dei store dagane
Treng du ein fin festfrisyre til dei store dagane? Her er fleire frisyrar med både hårtvisting og pariserfletter du enkelt lagar sjølv.
Til bunad er det flott med romantiske frisyrar og fletter. Du kan enten velje å festa dei stramt for ein litt tøffare look, eller flette dei lausare for volum og eit romantisk uttrykk. Med stylingspray og fliseklemmer kjem du langt. Sjå videoane nedanfor for å sjå korleis du steg for steg lagar frisyrane.
Finn komplett utval av hårstrikkar, hårspenner og hårklyper her
Halvt oppsett med pariserfletter
Slik gjer du:
- Legg skilja der du måtte ønske, her er det brukt midtskil.
- Start med å flette ei av sidene bakover, inntil hovudet (pariserflette) til du kjem til krunepartiet bak. Flett så vanleg ut.
- Legg flettene i kryss og fest dei inntil med fliseklemmer.
- Kryss flettene fleire gongar over kvarandre. Pass på å brette tuppane inn til slutt, så dei ikkje er synlege.
- Pynt med bunadsklyper.
Oppsett med pariserfletter
Slik gjer du:
- Legg skilja der du måtte ønske, her er det brukt midtskil.
- Start med å fletta ei av sidene bakover, inntil hovudet (pariserflette) til du kjem til krunepartiet bak. Flett så vanleg ut.
- Legg flettene i kryss og fest dei inntil med fliseklemmer.
- Kryss flettene fleire gongar over kvarandre. Pass på å bretta tuppane inn til slutt, så dei ikkje er synlege.
- Resten av håret fletter du inn i ei vanleg flette i nakken. Denne brettast også inntil hovudet og festast med fliseklemmer.
- Pynt med bunadsklyper.
Laus flette med strikk
Slik gjer du:
- Du treng fleire små strikk, antal varierer med lengda på håret.
- Ta håret frå front og dra bakover som om du skal laga ein liten hestehale. Sett strikk på.
- Pass på at det ikkje blir for stramt!
- Del så håret i to over der strikken er festa, dra hestehalen opp og gjennom i ein tvist.
- Ta litt hår frå kvar side og gjenta til det ikkje er meir lengde igjen.
- Dess lausare håret er, jo meir volum får du i fletta. Pynt med bunadsklyper.
Tvist bakover
Slik gjer du:
- Legg håret i midtskil
- Start på ei side i front
- Ta litt hår og del det i to. Her skal håret tvistast og ikkje flettast, så vi jobbar heile tida med berre to delar hår.
- Kryss håret bakover. For kvart kryss tar du med litt meir hår i det nedste hårpartiet.
- Sett strikk på når du er ved bakhovudet.
- Gjenta på andre sida
- Legg strikka over kvarandre og fest med fliseklemmer. Pynt med hårklype midtpå.