
Berekraftige smykke
Smykke er meir enn pynt – dei ber historier. Ei sølje frå bestemor, eit arva halssmykke, ein ring du har hatt sidan konfirmasjonen. Slike skattar fortener å vara, ikkje berre i vår tid, men òg for komande generasjonar. Det er nettopp difor me lagar berekraftige smykke – og gjev nytt liv til sølv – om att og om att.
Kvifor velja resirkulert sølv?
Visste du at nesten alt sølvet vårt har hatt eit tidlegare liv? Over 90 % av sølvet me brukar er resirkulert sølv. Alle restane frå produksjonen vert også tekne vare på og smelta om. Ingenting vert kasta. Kvart einaste gram får nytt liv som vakre smykke for minneverdige augneblink.
Når du vel eit smykke laga av resirkulert sølv og gull, gjev du nytt liv til edle metall. Ingenting vert kasta. Kvart einaste gram får nytt liv hjå Sylvsmidja på Voss.
Miljøvenlege smykke med norsk handverkskvalitet
Ved ein av arbeidsbenkane i verkstaden sit Julie Kvarekvål med loddepistolen stødig i handa. Den vaknar til liv med eit lett trykk, og ein blåleg flamme varmar opp sølvdelane som Julie loddar saman med presisjon. Litt etter litt tek ei blenkjande sølje form.

Ekte sølv frå Sylvsmidja kjenner du på tyngda. Du ser det i dei delikate linjene og handverket i detaljane.
Miljøvenlege smykke handlar ikkje berre om kva dei er laga av, men òg korleis dei vert til. Smykket har ikkje reist halve jorda før det kjem til deg – det er laga her i Noreg, i ein verkstad der tradisjon og handverk har stått sterkt sidan gullsmedmeister Leif Johannessen og kona hans, Betzy, etablerte Sylvsmidja i 1940.
Gjennom åra har bedrifta vakse til å bli Noregs største smykkeprodusent, og framleis lagar me alle smykka våre i verkstaden på Voss.
– Eg synest det er stas at me lagar bunadsølv til nesten alle bunader som finst! Og at me gjer det her, på vetle Voss, utbryt Julie.
Ho har vore gullsmed hos Sylvsmidja i over 10 år, og ho er ikkje den einaste som brenn for faget. Her jobbar over 60 dyktige handverkarar, og dei siste åra har fleire unge, nyutdanna gullsmedar også blitt ein del av Sylvsmidja-laget.
– Dei kjem med ny inspirasjon, moderne teknikkar og eit brennande engasjement. Samtidig fører dei arven vidare og bidreg til at norske handverkstradisjonar ikkje døyr, men vert bevarte og vidareutvikla, seier Julie.
Fair Trade-edelsteinar
Ved sida av Julie sit Laila og studerer nokre lysegrøne edelsteinar som skal brukast på øyredobbar til Spor, ein moderne smykkekolleksjon som Sylvsmidja også lagar.
- Dette er Fair Trade prasiolitt krystallar, forklarar Laila. Det er ein type kvarts med milde, gjennomsiktige grøntonar.
Kva betyr Fair Trade-edelsteinar, og kvifor er det viktig?
Etisk og berekraftig produksjon er ein grunnpilar i Sylvsmidja. Difor brukar me Fair Trade-sertifiserte edelsteinar – steinar me veit kjem frå ansvarlege gruver, der både arbeidarar og natur vert tekne vare på.

Berekraftig pynt
Dei mest berekraftige smykka er dei du aldri treng å byta ut – og dei du tek vare på. Ei sølje som har mista eit heng, ei lenkje som må fiksast, eit sølvbelte som har mista glansen – alt dette kan ordnast og bli like fint som nytt.
Me trur på handverk som varer, og på verdien av å ta vare på det me allereie har, seier Julie og smiler.
Med rett stell kan bunadsølv og andre smykke vera like vakkert om 50 år som det er no. Gode tips til korleis du best oppbevarer sølv, finn du her.
