Bli sølje-ekspert på 1-2-3
Sølja er langt meir enn berre eit vakkert smykke til bunaden; ho ber med seg meiningsfulle augeblikk på tvers av generasjonar. Djupt forankra i norsk kulturarv, har sølja sidan 1600-talet vore eit symbol på vern og lykke. Her kan du læra meir om di sølje og kva den symboliserer.
Bolesølje
- Utbreiing: Telemark og Aust-Agder
- Karakteristiske trekk: Ei av dei mest kostbare søljene. Seks opphøgde «boler».
- Tradisjon: Brukt som hovudsølje av gifte kvinner. Slangesølja (jentesølja) vart då plassert under. I dag har konfirmantane gjerne begge delar
- Symbolikk: Dei 12 bolene rundt viser til dei 12 disiplane. Midtbolen er eit bilete på Jesus. Antal boler kan delast på tre, som viser til den treeinige Gud – Faderen, Sonen og Den Heilage Ande.
Slangesølje
- Utbreiing: Telemark, Setesdal
- Karakteristiske trekk: 6 bogar mellom to ringar. Filigran-dekor. Opphøgd midtparti.
- Tradisjon: Opphav frå skjortering. Var vanleg som jentesølje. Plassert nedanfor bolesølja når jenta gifta seg.
- Symbolikk: Truleg frå norrøn mytologi med Midgardsormen som låg rundt «heile jordi og beit seg sjølv i sporden»
Hornring
- Utbreiing: Telemark, Hallingdal, Sigdal, Numedal
- Karakteristiske trekk: To vertikale stavar eller horn på sidene.
- Tradisjon: Tidlegare var det berre menn som brukte sølja. Etter kvart vart den dekorert med ulike typar heng som kvinnene også begynte å bruka (byggkornring, bøheradsring).
- Symbolikk: Namnet stammar frå stavane eller horna på sidene og symboliserer det maskuline.
Byggkornring
- Utbreiing: Telemark, Setesdal, Hallingdal, Sigdal, Numedal
- Karakteristiske trekk: Basert på hornring og har ulike typar heng. Kan ha ulike namn, basert på kva henga skulle førestilla eller staden det vert brukt.
- Symbolikk: Byggkornring var eit uttrykk for ynskje om fruktbarheit. 16 byggkorn kan delast med 4. Viser til dei 4 verdshjørna – nord, sør, aust, vest og alt innan denne ramma – altså heile skaparverket.
Rosesølje
- Utbreiing: Store delar av landet
- Karakteristiske trekk: Midaldersk form med seks nyre-former som er sett saman i ein ring, omkransa med lauv eller skåler. Vert også kalla filigransølje og skålesølje.
- Tradisjon: Vart ofte brukt som festargåve (trulovingsgåve). Det seiast at dess fleire skåler jenta fekk på sølja si, dess større pris sette guten på ho.
- Symbolikk: Skålene symboliserer møydom.
Hjartesølje
- Utbreiing: Store delar av landet
- Karakteristiske trekk: Hjarteforma søljer, ofte med krune på toppen. Vert også kalla mariasølje og krunesølje
- Tradisjon: Var vanleg å gje som kjærastegåve.
- Symbolikk: Kjærleikssymbolet. Viser til Kristi kjærleik, men er også knytt til Jomfru Maria sitt reine hjarte.
Ansiktsølje
- Utbreiing: Vestlandet
- Karakteristiske trekk: Stansa søljebotn, omkransa med lauv. Ansiktsfigurar på baksida av sølja. Vert også kalla glibbsølje.
- Symbolikk: Ansiktsfigurane skulle beskytta mot mørke og kalde krefter og bana veg for lyset.
Agnus Dei
- Utbreiing: Store delar av landet
- Karakteristiske trekk: Eit rundt midstykke med kjede og tre heng. Vert også kalla offerdåse, myntdalar og bruredalar.
- Tradisjon: Ofte gitt som trulovingsgåve og brukt som ein del av draktsølvet til brura. Dermed var det berre gifte kvinner som fekk bruka det.
- Symbolikk: Agnus Dei tyder «Guds lam» på latinsk - Eit symbolsk bilete frå evangeliet etter Johannes der døyparen Johannes refererer til Jesus som Guds lam.
Symboliserte overgangen frå ugift til gift, og hadde ei kraft som skulle verna brur, svangerskapet, mor og barn mot farar og vonde makter.