Fleksibelt sølvbelte til bunaden

Du veit den følelsen når du har fått på deg bunaden som har blitt for trong sidan sist, og du innser kva du har i vente? Og når du har inntatt ein betre festmiddag, og du kjenner kor mykje sølvbeltet ditt plutseleg strammar seg rundt livet?

Då ser du fram til å kunna ta av bunadsstasen og få pusta skikkeleg godt ut.

Dette er du ikkje åleine om! Mange saknar å kunna regulera storleiken på beltet.

— Det er rart med det, men bunaden har ein tendens til å krympa etter nokre år, eller til og med i løpet av same dag, ler Maria Gjerstad, marknadssjef i Sylvsmidja.

Med eit sølvbelte som kan regulerast, unngår me heldigvis ubehaget med ein trong bunad.

Sprettespenne med englemotiv

Det handlar om ei spenne som har gått litt i gløymeboka dei siste åra: Den såkalla sprettespenna, pryda med nydeleg englemotiv.

Ein med mykje kunnskap om bunadsølv er pensjonisten Dagfinn Bjørkelid, tidlegare gullsmed på Sylvsmidja. Han reiste i si tid landet rundt for å studera gamle draktsølv, og framleis er han lidenskapeleg interessert i dette.

 

LES OGSÅ: Slik monterer du bunadsbelte

 

Han kan fortelja at mange av dei gamle sølvbelta som er funne rundt om i Hordaland, hadde sprettespenne med englemotiv, og belta hadde gjerne eit langt endestykke som hang ned – det såkalla fangbandet som i dag er særs vanleg i Hardanger.

— Sprotebeltet eller fangbeltet vart brukt av brura, og sprettespenna var det som haldt beltet i hop. Det er funne mykje gamalt rundt om i Hordaland og spesielt i distrikta kring Hardanger, men slike sprettespenner er også funne i andre kantar av landet, til dømes Vik i Sogn, Møre og Romsdal, Hallingdal, Telemark og Aust-Agder, fortel Dagfinn.

 

Sprettebelte - justerbar sølvbelte - Sylvsmidja

Sprettebelte - justerbar sølvbelte - Sylvsmidja

Gravering gjer det ekstra personleg

Sølvbeltet var ofte ein del av brurestasen til den komande husfrua på garden. Det var nemleg slik at berre gifte kvinner skulle ha sølvbelte. I lenkja på sprettespenna er det eit lite, firkanta plate på enden. Her vart gjerne gardsnamnet gravert, sidan sølvbeltet ofte fylgde garden.

 

LES OGSÅ: Så mange stølar skal du ha til sølvbeltet

 

— Kvifor ikkje gravera initialar på plata, seier Maria. På den måten vert beltet meir nært og personleg.

Hardangerbunad med sprettespenne og fangbelte.

Englespenne

Eit anna beltespenne som også fortener merksemd er englespenna, også kalla jomfruspenne. Det er ei borespenne med ein engel eller Jomfru Maria-figur midtpå, der ein hektar saman spenna.

— Slike religiøse motiv hadde symbolske og magiske tydingar i midalderen, og skulle verna mot overnaturlege farar, forklarar Dagfinn.

Denne borespenna var, i likskap med sprettespenna, også eit vanleg syn i vestlandsbygdene.

— Tenk deg så nydeleg det er med ei englespenne inntil stoffbeltet eller perlebeltet til konfirmanten, smiler Maria.

Dersom bunaden har belte med borespenne, er denne englespenna eit flott alternativ for dei som ynskjer seg noko spesielt, og som ikkje alle har. Finst i både oksidert og forgylt sølv.

Lurar du om på kva bunad englespenna passar til?