Den etterlengta konfirmasjonsdagen

Bunaden og det spesielle bunadsølvet venta ekstra lenge på Anne Skjelde (17) frå Voss. Som for konfirmantar over heile landet blei den store dagen utsett. Heldigvis var det verdt det.

Å vera konfirmant i 2020 var ei heilt spesiell oppleving. Lokala var reserverte og gjestene inviterte. Bunadane var tilpassa og sølvet pussa. Så stoppa alt opp. For Anne og konfirmantane på Voss blei den store dagen utsett frå mai til august på grunn av koronapandemien. 

 

Den lange ventetida

Ventetida blei ekstra lang. Men då tida var inne, var ventetida verkeleg verdt det. Anne og familien inviterte like greit til ei heil konfirmasjonshelg då dei endeleg kunne feira dagen. 

Etter konfirmasjonen i kyrkja tok dei gondolen opp til Hangurstoppen på Voss, og åt middag på restauranten 818 meter over havet. Dagen etter fortsette dei feiringa. Anne tok på seg bunaden igjen, og venner og kjente møtte til restekaker på stølen.  

– Eg var lita sist eg hadde på meg bunad, og det var veldig stas å gå med det igjen. Det var ein veldig fin dag. Og været var mykje finare enn då konfirmasjonen eigentleg skulle vore. 

LES OGSÅ: Huskeliste til konfirmasjon

Ei heilt unik sølje

Delar av bunaden, som forkle, kniv og kast, var arva. Og ho hadde fått alt ho trengte av bunadssølv før sjølve dagen. Frå foreldra hadde ho fått ei heilt spesiell gåve: Ei sølje som er laga akkurat til henne.

Med søljebyggaren på sylvsmidja.no kan du designa di heilt eiga, unike sølje.

– Det var lettvint å designa si eiga sølje, men det tok litt tid å velja ut alle delane sidan eg var nøydd til å ta gjennomtenkte val. Eg skal jo ha sølja lenge, seier ho reflektert.

Anne valde ei sølje med grøn stein, sjølv om raudt er mest vanleg til vossabunaden. 

– Det grøne går igjen i bunaden, og eg er veldig nøgd med det. Eg har fått mykje respons på sølja, og alle syns den er så fin. Det er veldig kjekt å tenka på at det ikkje er så mange som har lik. 

I tillegg har Anne også fått halssølje og ring med grøn stein, og hårspenner som passar til. Det er myke flott å ønskja seg til bunaden, og bunadsølv er noko ho kan ha på ønskjelista i lang tid framover.

Sølvskattar til han og henne

Visste du at det finst dalar, smykke, klokker, nøklar, knivar og kjeder som passar til ulike bunadar? Det finst også vakker øyrepynt og ringar inspirert av bunadsølv. 

Me byr også på mange flotte sølvskattar til menn med bunad og gutar som drøymer om ein. Kva med å gi ein elegant bunadskniv eller eit staseleg lommeur til konfirmanten? Bunadskniv er forresten eit staseleg tilbehøyr også til dei fleste damebunader. Prikken over i-en set ein ved å gravera inn tekst. Bestiller du ei gåve i nettbutikken, kan du velje å få ho ferdig innpakka. 

 

LES OGSÅ: Konfirmasjonsgaver til gut

LES OGSÅ: Konfirmasjonsgaver til jente

Anne gler seg til bunadsfest

På Voss gler Anne seg til å leita fram att bunaden og det spesielle bunadsølvet til 17. mai, konfirmasjonar og andre høgtidsdagar i år og åra som kjem. 

– Det er veldig kjekt å gå med bunad. Både bunaden og bunadsølvet er sterkt knytt til lokal identitet, og eg er så glad i plassen eg kjem frå.

 

LES OGSÅ: Sølvskattar til dei store høgtidsdagane