Foreldre eller fadder? Her er fine gåvetips til konfirmanten
Ser du etter konfirmasjonsgave? Her er fine gavetips til jente og gut i ulike prisklassar.
Anten konfirmanten får bunad til konfirmasjonen eller ønskjer å starte å samle på bunadsølv, er det mykje som skal på plass for å få eit komplett sett. Her hjå oss finn du alt av bunadsølv og tilbehøyr konfirmanten kan ønskje seg til den store dagen.
Gavetips til konfirmant under 1000 kroner
Knappar til herre- og damebunad
Både herre- og damebunadar treng knappar. Faktisk treng nokre herrebunadar over 60 knappar. Her har me eit stort utval knappar, og ein kan tilpasse talet etter kor mykje ein ønskjer å gje til konfirmanten.
Hårpynt til bunaden
Me har utvikla vakre hårstrikk, hårspenner og hårklemmer til bunadar. Desse har mønster, utsmykking og dekor laga utifrå ulike typar bunadsølv. Her finn du noko som vil passe til bunader frå alle distrikt. Ei fin gåve til konfirmanten som allereie har det meste av bunadsølvet på plass.
LES OGSÅ: Konfirmasjonsgaver til jente
Beltestølar og sølvbelte til bunaden
Stadig fleire ønskjer seg eit staseleg sølvbelte til bunaden. Dette er ei fin gåve til konfirmanten, anten som komplett bunadsbelte eller som starten på å samla til eit. Med beltekalkulatoren kan du sjå kor mange beltestølar konfirmanten treng.
Er du usikker på kva konfirmanten ønskjer seg? Me har også gåvekort på bunadsølv.
Gavetips til konfirmant over 1500 kroner
Eigendesigna sølje
Vil du gje ei heilt unik gåve til konfirmanten? Hjå oss kan du eller konfirmanten sjølv designe ei heilt eiga sølje, og velja lauv, anheng og farge på steinane.
Kniv til herre- og damebunad
Ein kniv er eit fint tilbehøyr til bunaden, med holkar, beslag og graveringsfelt i sølv. Me har både lommeknivar og bunadsknivar i ulike prisklassar.
LES OGSÅ: 8 konfirmasjonsgaver til gut
Bunadsveske
Fleire distrikt manglar eigne bunadsveske, og me lanserte difor ein eigen kolleksjon bunadsvesker i 2022, som passar til mange bunadar. Veskene finst i ulike mønster, og med ulike forgyllingar og låsar.