Bunadsølv til herre: Tips for val av sølv og herrebunad
Stadig fleire vil ha herrebunad. Her er tips og råd til kva du bør tenkje på når du skal kjøpe bunad og bunadsølv til herre.
Åtte tips ved kjøp av herrebunad og bunadsølv
Det er gledeleg å sjå at interessa for bunad til menn er aukande dei siste åra. Etterspurnaden er større hjå systovene og me ser også god vekst i talet på Google-søk etter herrebunader.
Under gir me gode råd og tips om kva du må ta stilling til, og kva som er lurt å gjera for å koma vel i hamn med herrebunaden.
1. Vel bunaden du vil trivast i
Dei fleste vel bunad knytt til familietradisjonar eller staden dei har flytta til, medan andre vel bunad utifrå kva dei synest er finast, uavhengig av tilhøyrsle.
Aller viktigast er at du trivst i bunaden og har lyst å bruka den år etter år, uansett kva som ligg til grunn for valet. Det er trass alt eit verdifullt plagg som skal kunna brukast livet ut.
Få full oversikt: Så mange knappar må du ha til herrebunaden
2. Snakk med andre som har bunaden du ynskjer
Snakk med familie og venner som har bunaden du ynskjer deg og spør kva dei synest om den. Høyr kva erfaringar dei gjorde seg ved anskaffing av bunaden. Kanskje dei har nokre gode tips og anbefalingar du kan dra nytte av.
3. Bestill bunaden seinast hausten før neste års 17. mai
Om du ikkje er så heldig å ha ei mor eller bestemor som syr bunad, så finst det heldigvis mange bunadsprodusentar frå nord til sør i landet. Her er både små og store aktørar, lokalt og nasjonalt, til dømes systover knytt til Norsk Flid Husfliden som lagar bunader frå heile landet.
Hugs at å sy bunad ikkje er gjort i ei handvending, difor er det lurt å bestilla så tidleg som mogleg. Gjerne eitt år i forvegen og seinast hausten før neste 17. mai dersom du ynskjer å ha den ferdig til då.
Det er ikkje tilfeldig når folk handlar: Fleire menn kjøper bunad dagen derpå
4. Lurt med justeringsmoglegheiter
Av naturlege årsaker kan det henda at behovet for å sy bunaden inn eller ut melder seg i framtida. Høyr med dei som skal sy kva justeringsmoglegheiter dei legg til rette for på bunaden. Dette kan nemleg variera, og kanskje er det ikkje justeringsmoglegheiter i det heile!
5. Spør kva sølv som passar og kor mange knappar du treng
Dei aller fleste herrebunader brukar oksidert sølv, slik som nordlandsbunad og trønderbunad herre, to av dei mest populære herrebunadene. Mesteparten av sølvet er små og store knappar på vest, jakke og bukse, og talet varierer sjølvsagt frå bunad til bunad.
Finn ut kor mykje sølv du treng og kva du minimum må ha for å halda bunaden saman. Den som skal sy veit gjerne dette.
Det kan vera halssølje, knappar, mansjettknappar, vestspenne og buksespenner. Kanskje er du heldig som kan velja mellom fleire ulike knappar og halssøljer? Då vel du sjølvsagt den du synest er finast.
Spør kor mange og kva type knappar som skal syast på.
Nikolai sin bunad er sydd med kjærleik: Har samla bunadsølv i ti år
TIPS: Kanskje du kan ynskja deg knappar til jul og bursdagar? Er du heldig har du komplett sett den dagen bunaden skal syast.
Seinare kan du eventuelt sjå etter tilbehøyr som er fint å ha i tillegg. Dette kan vera eit gjævt lommeur , ein staseleg bunadskniv eller kanskje eit herrebelte med sølvspenne.
Kan du reglane?: Er det lov å ha bunadskniv på offentlege stader?
6. Spør kor bunadsølvet er laga
Du gjer det lurt i å spørja om kor bunadsølvet er laga slik at du er sikker på å få norsk kvalitetshandverk, og ikkje blir lurt med kopiar eller utlandsprodusert bunadsølv. Bunadsølv til herre er gjæve smykke som skal vara i generasjonar og bør ikkje blir stygt eller øydelagd etter kort tid i bruk.
Sylvsmidja sine lommeur bli laga av dei beste: Sveitsisk presisjon og norsk tradisjon
Sylvsmidja – bunadsølv med livstidsgaranti
-Gjeld dersom bunadsølvet vert skada eller øydelagd på grunn av tilverkingsfeil.
7. Samanlikn bunadsølv frå fleire ulike produsentar
Nokre bunader har sølv som berre vert laga av éin produsent, men ofte er det fleire som lagar sølv til ein og same bunad slik at du har eit stort utval å velja mellom.
Ved fyrste augekast kan utsjånaden på sølvet til same bunad sjå lik ut, og for eit utrent auge er det ikkje alltid så lett å sjå kva for sølv som er av dårlegare kvalitet. Det er til dømes lettare å få riper og bulkar og kan bli fortare matt dersom sølvet er spinkelt eller tynt.
Ved å samanlikna bunadsølv frå fleire ulike produsentar kan du kjenna på tyngda og sjå utføringa.
Tips: Bruk nettverket ditt – familie og vener. Spør om dei veit kor bunadsølvet deira kjem frå og kva dei synest om kvaliteten.
Vanskelig å velje bunadsølv? Slik vel du rett!
8. Kjøp bunadsølv frå anerkjende tilverkarar
Bunadsølv til herre får du kjøpt hjå dei som lagar det, hjå bunadsprodusentar og gullsmedbutikkar – både kjedetilknytte som til dømes Mestergull og Bjørklund, men også frittståande som Gullsmed Sando og Gullsmed J. Frisenberg.
Tips: Finn ein utsalsstad som har fagpersonar med god kunnskap om bunadsølv til herrebunad og som sel bunadsølv frå anerkjende leverandørar.
Er du framleis i tvil om du skal ha bunad eller ikkje?
Då me spurde på Facebook om kva damene synest om menn i bunad, lot ikke komplimenta venta på seg.
«Barskt og råtøft»
«Hakket meir sexy enn menn i uniform»
«Alle, ekte mannfolk bør ha bunad»
Finn næraste Sylvsmidja-forhandlar
Har du spørsmål?
Ikkje nøl med å ta kontakt med oss på Facebook, e-post eller chat.