Hjelp! Kva bunadsølv skal eg ha??

Å velja det riktige bunadsølvet kan vera vanskeleg dersom du ikkje heilt veit kor du skal begynna. Utvalet er stort og kombinasjonane mange. Det dukkar opp ei rekkje spørsmål kring bunadsølv, her får du svar på nokre av dei.

Kort oppsummert

  • Finn ut kva bunad du vil ha. Dei fleste vel utifrå slektskap og geografisk tilhøyrsle medan andre vel utifrå den dei synest er fin.

  • Undersøk om det er fleire produsentar som lagar sølv til bunaden. Sjå etter kvalitetsforskjellar og spør kvar bunadsølvet er laga.

  • Her kan du velja bunad og sjå bunadsølvet som høyrer til.

  • Finn ut kva type sølv du treng: oksidert, forgylt, kvitt, gamalforgylt eller ein kombinasjon av desse.

  • Skaff deg oversikt over bunadsølvet du minimum må ha for å halda bunaden saman. Snakk gjerne med den som skal sy bunaden.

  • Valfritt tilbehøyr kan du kjøpa seinare eller setja på ynskjelista

  • Har du arva bunadsølv må du gjerne bruka det.

 

Besøk oss gjerne på Facebook. Her kan du også senda oss spørsmål dersom du lurar på noko angåande val av bunadsølv. Lykke til!

Kven lagar bunadsølv?

Det er fleire små og store produsentar av bunadsølv. Dei fleste blir laga her i Noreg, men i den seinare tid har det også blitt laga i Austen.

Sølvet kan vera støypt, stansa eller handlaga. Ofte kombinerer gull- og sølvsmedane desse teknikkane. Norsk bunadsølv har forankring i gamle handverkstradisjonar.

For mange betyr dette noko spesielt fordi det er så nært knytt til tradisjonar, historie og høgtid. Dei er nysgjerrige på opphavet til sølvet, og synest det er stas med kortreist og berekraftig bunadsølv laga av norske gull- og sølvsmedar.

Det kan vera lurt å samanlikna dersom det er fleire produsentar som lagar sølv til same bunad, og undersøka om det er kvalitetsforskjellar. Spør alltid kvar bunadsølvet er laga og under kva forhold.

Les også: Slik vel du rett bunadsølv

Tradisjon veg tungt

Før du kan tenkja på sølvet må du vita kva bunad du skal ha, og det er ikkje alltid like lett å bestemma seg. I følgje Norsk bunadsleksikon er det om lag 400 ulike bunader og drakter. Kva skal du velja? Det er ein kostbar investering, noko du skal ha livet ut og kanskje gje vidare til neste generasjon. Skal du gå for den du synest er finast eller vel du den som høyrer til heimstaden din?

Dei fleste baserer valet sitt på slektskap og familietradisjonar. Dei vel ein bunad med opphav frå distriktet dei kjenner tilknyting til: frå staden dei sjølve er oppvaksen i, eller der slekta er ifrå.

Infact-undersøkinga til VG (2017) stadfestar dette: 76,4% meiner ein må velja bunad utifrå tilhøyrsle.

Men sjølv om mange tek utgangspunkt i dette, er det også dei som lar utsjånaden, meir enn tradisjon og geografisk tilhøyrsle, avgjera valet. Det er ei dyr investering, og for dei er det difor viktig at dei kler bunaden og føler seg vel i den.

Kva bunadsølv skal eg ha?

Så er det bunadsølvet. Kva kostar det? Er det oksidert, forgylt eller kvitt sølv til bunaden? Kva sølje høyrer til? Kan eg bruka sølv som ikkje høyrer til bunaden?

Mykje av jobben med å finna ut kva sølv du treng er gjort når du veit kva bunad du skal ha. Snakk med familie og venner med same bunad og høyr kva dei har.

Besøk næraste husflidbutikk eller den lokale systova og spør om råd og kva valmoglegheiter som finst. Gullsmedbutikkar kan også rettleia og visa deg utval frå ulike produsentar. Bruk litt tid på dette og spør gjerne kvar bunadsølvet er laga.

Vel bunaden du ynskjer og få komplett overblikk over sølv som passar.

Bruk sida som ei rettleiing på kva du treng og sjå kva type sølv du skal ha: Oksidert, kvitt, forgylt eller gamalforgylt. Kanskje er det ein kombinasjon av desse. Her får du uansett ei fin oversikt over alt sølv som høyrer til, både til dame, herre og barn, frå sølje og beltestølar til knappar og spenner.

Kor mykje sølv må eg ha og kva kostar det?

Kanskje treng du berre ei halssølje, ei bringesølje og eit par mansjettknappar. Kanskje må du også ha ei eller fleire spenner for å halda vesten saman, som til dømes Nordlandsbunad, eller maljer og maljeband, slik som Rogalandsbunad. Det varierer veldig frå bunad til bunad.

Det som er valfritt tilbehøyr kan du kjøpa seinare eller setja på ynskjelista, og det kan vera alt i frå ring og øredobber til konebelte og offerdåse.

For ja, bunadsølvet er kostbart, på lik linje med sjølve bunaden. Nokre bunader har mykje sølv, andre har lite. Og medan nokre har små og nette søljer, har andre store som gjerne kostar meir. Start med éi sølje dersom bunaden din kan ha fleire. Er det ulike storleikar kan du kjøpa den som kostar minst, og heller ynskja deg den dyraste og flottaste sølja seinare.

Meiningane er delte, nokon synest det bør vera eit visst atterhald, men til sjuande og sist handlar det om deg, din identitet og historie.

Kan eg bruka sølv som ikkje høyrer til bunaden?

Er du så heldig og har arva ei nydeleg sølje som betyr mykje for deg, må du gjerne bruka den!

- Meiningane er delte, nokon synest det bør vera eit visst atterhald, men til sjuande og sist handlar det om deg, din identitet og historie, smiler Maria Gjerstad, marknadssjef i Sylvsmidja.

Også Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt seier at det ikkje er noko i vegen for å bruka arvesølv, sjølv om sølv som er utforma til bunaden er det mest anbefalte.