Alt du treng å vita om bunadskniv til bunaden
Veit du korleis bunadskniven skal festast til bunaden? Eller kva side den skal vera på? Her får du alle svara.
Heilt sidan jernalderen, då menneska lærde seg smikunsten, har kniven vore ein uunverleg følgjesvenn, uansett kvar ein gjekk.
Dermed vart kvardagskniven på beltet ein heilt naturleg del av klesdrakta.
Finare knivar vart teken i bruk ved anledningar som kyrkjeferd og gjestebod i mellomalderen. Kniven kunne ha flotte utskjeringar og detaljar på skaft og slire. Den måtte jo matcha antrekket!
Arven etter far
Ein slik framifrå kniv gjekk gjerne i arv frå far til son. Også i dag er ein staseleg kniv noko som vert gjeve vidare i slekta.
- Bunadsknivane frå Sylvsmidja er laga for nettopp å vara i generasjonar, seier Laila Time, gullsmed i Sylvsmidja. Skaftet er laga av bjørk, og fleire av slirene er skorne og sydde for hand.
Kan damer ha bunadskniv?
- Sjølvsagt kan damer ha bunadskniv! Nokon meiner kanskje at det ikkje høyrer heima, men etter gamle drakttradisjonar enkelte stader var det faktisk ikkje uvanleg at også damene hadde ein liten kniv som tilbehøyr. Blant anna vart kniven brukt som spisereiskap ved gjestebod - Det var nemleg noko ein sjølv hadde med seg.
Bunadsknivane frå Sylvsmidja er laga for nettopp å vara i generasjonar
-Laila Time, gullsmed på Sylvsmidja
Korleis skal bunadskniven festast?
Til herrebunaden finst det ein sølvknapp som du trer slira innpå for å festa kniven. Denne knivknappen består av ein framdel og ein bakdel. Framdelen har piggar som du stikk gjennom stoffet på buksa. Bakdelen festar du deretter på innsida av stoffet.
Damebunader med sølvbelte kan festa kniven på ein knivstøl. Den har same funksjon som knivknappen ved at du kan tre slira innpå trådkantlauvet. Enkelte damebunader har ikkje sølvbelte, men sjekk då om det kan vera mogleg å bruka knivknappen i staden, dersom du ynskjer å bruka bunadskniv.
Bunadskniv reglar
Kor skal bunadskniven henga?
Når det gjeld plasseringa av bunadskniven, er det ikkje nokon fastsett regel som gjeld overalt, men ein generell rettleiing er at kniven gjerne heng på høgre side. Dette kan variere litt frå stad til stad.
Frå gamalt av var det vanleg å tilpasse knivplasseringa etter kva hand ein var mest van med å bruke. Var du høgrehendt, hengde du kniven på venstre side, og var du venstrehendt, på høgre side. Dette gjorde det enklare å trekkje kniven raskt i sjølvforsvarssituasjonar.
- Men her kan me ikkje setja to strekar under svaret, seier Laila. Her er det mogleg å velja ut i frå eigne preferansar.
For damer som også har lauslomme til bunaden, er det naturleg å plassera kniven på motsett side av lauslomma.
Er det lov å ha bunadskniv på offentlege stader?
I 1993 vart det vedtatt forbod mot å bera kniv på offentleg stad. Brot på dette kan føra til bøter eller fengsel inntil eitt år. Forbodet gjeld likevel ikkje ved såkalla «aktverdige formål», og bunadskniv eller staskniv til bunad og festdrakt fell under dette. Svaret er altså «ja»!
Knivens kraft
Til slutt må me jo nemna at kniven representerer ei spesiell kraft. Iallfall i følgje folkesegn og folketru frå gamalt av, som nemner kniven i fleire samanheng.
Til liks med sølvet som var eit kjent verkemiddel mot vonde makter, hadde stål også den same krafta, og då brukte ein gjerne kniven.
Eit kryss som symboliserte korset vart rissa inn i skaftet eller knivbladet.
Var det eit nyfødd barn i huset, plasserte dei kniven i nærleiken av barnet slik at huldrefolka ikkje skulle byta det ut ut med ei byting.
Avlinga verna dei mot underjordiske farar ved å stikka ein kniv nedi jorda før pløying.
Også dyra måtte vernast. Ved vårslepp la dei ein kniv eller noko anna av stål under dørstokken slik at dyra skulle trø over det. Då fekk dei nemleg den krafta som var i stålet slik at dei ikkje skulle bli ramma av trollskap.
Kniven har også spelt ei rolle i ein gamal skikk kring kunngjering av truloving. Frå Sunnmøre vert det fortalt at fedrar til gifteklare jenter tok dei med til kyrkja og kunngjorde dette etter gudstenesta. Jenta kom då til kyrkja med eit lêrbelte rundt livet. På beltet hang det bl.a. kistenøkkel og sysaker, men også ei tom slire. Faren leia jenta opp og ned kyrkjegolvet, i nærleiken av der gutane satt, og kunngjorde at jenta var klar for å gifta seg. Friaren skulle då putta kniven sin oppi den tomme slira, og dermed var trulovinga offisiell.
Me får håpa at jenta syntest vel om friaren sin!
Kjelde:
Folkesagn ved Knut Liestøl, skrive av Peder Fylling
Norsk folketro, Ørnulf Hodne