Konfirmasjonsgaver til jente
Å velje den rette konfirmasjonsgaven til ei jente kan vere utfordrande. For å hjelpe deg på veg har me samla nokre inspirerande gavetips.
Ved å velje bunadsølv frå Sylvsmidja, investerer du i ei gave som ikkje berre vil vare i årevis, men som også blir eit verdifullt minne for livet.

Personlege konfirmasjonsgaver med varig verdi
Pengar er kanskje ei fornuftig gåve, men dei blir ofte brukte på ting som ikkje varer. Ei personleg og varig gave kan bety langt meir – også i framtida.
Bruk heller tid, og legg omtanke bak konfirmasjonsgaven. Finn noko personleg som kan ha ei større betyding enn ein pengesum.
Her er tips til konfirmasjonsgaver til jenter frå foreldre, besteforeldre, tantar, onklar og fadrar som varer, og skapar minne for livet.
Ei personleg gave til konfirmanten betyr så mykje meir enn prislappen.

Bunad
Mange jenter får bunaden i gave av foreldre eller besteforeldre til konfirmasjonen. Heile eller delar av bunaden er gjerne arva – og det er kanskje den gjævaste gaven ein kan få.
Komplett bunadsveske
Mange bunader har ikkje eiga tilhøyrande bunadsveske. Til desse har me laga komplette vesker med veskelås og vakker, blenkjande sølvpynt – inspirert av ulike søljer, spenner og bunadsdetaljar.
Ei bunadsveske er ei praktisk og fin gave til konfirmanten, med plass til mobil, sminke og andre småting ein vil ha med seg.
Bunadsøredobber
Fine øredobber som passar til bunaden. Utvalet er stort, nokre er laga til ein spesifikk bunad, andre er meir allsidige og passar til fleire ulike bunader. Fleire av øredobbene er også fine å bruka til andre festlege anledningar.
Bunadsring
Sølvring er eit fint tilbehør til bunaden. Ringane er regulerbare, og har tradisjonelle utformingar som speglar seg i anna bunadsølv. Medan nokre av ringane er laga til ein spesifikk bunad, er det også eit stort utval som passar til fleire ulike bunader. Finn det som kan passa, og hugs at ringen kan vera fin å bruka sjølv om bunaden ikkje er på.

Hårpynt
Lekre sølvsmykke til håret! Nydelege hårpynt som tek utgangspunkt i bunadsølvet til dei ulike bunadene. Pyntar opp håret i ein fei og er vel så fine å bruka utan bunad.
Beltestølar - Min første støl – namnestøl
Beltestølar til sølvbelte er fine å gje som samlegåve, slik at dei er komplette når konfirmanten ein gong vil skaffa seg eit sølvbelte til bunaden. Det vert ekstra personleg å gje ein «namnestøl» eller «Min første støl» som kan graverast med initialar eller dato.

Komplett sølvbelte til bunad
Komplett belte kan ein bestille gjennom vår beltekalkulator. Her vel du distrikt/bunad og livvidde før du vel dei ulike alternativa på beltespenner og stølar som du ønsker. Undervegs ser du resultata av dine val, og til slutt får du ei oppsummering av antal og pris på dei ulike delane du treng til beltet.
Klokke med lenkje
Ei klokke med kjede som kan festast på bunaden eller hengast rundt halsen som eit smykke er ei minnerik og varig gåve med flott symbolikk. For å gjera det endå meir personleg kan ein gravera initialar på loket.
Jakkeskjold/namneskilt
Namneskilt i sølv kan syast på innsida av bunad eller cape, og graverast med namn eller initialar. Ei personleg og varig gåve som gjer plagget heilt unikt.
17. mai-sløyfe
17. mai-sløyfer med sølvnål er tidlause og varige. Dei kan brukast igjen, år etter år, og er ei flott gåve å gje til ein konfirmant. Det er ulike motiv å velja mellom, både nasjonale og meir distriktsrelaterte motiv. Heile utvalet av 17. mai sløyfer finn du her
Englespenne
Ingenting passar betre enn ei nydeleg englespenne til konfirmanten! Det er ei borespenne til belte og har ein engel eller Jomfru Maria-figur på midten. På folkemunne er den difor også kjent som jomfruspenne, og vart frå gamalt av, brukt av ugifte jenter.
Småsøljer
Småsøljer er ei vakker og symbolsk gave til konfirmanten – perfekt for å pynta opp jakker, bluser eller andre plagg. Fleire av småsøljene kan òg graverast, om du vil gje ei gåve med eit personleg preg.
Oppbevaringsetui til bunadsølv
Riktig oppbevaring av bunadsølv er viktig. Dette etuiet har eit innlegg med antioksideringsmiddel som vil halda bunadsølvet blankt og fint. Det er romsleg og har rikeleg med plass til alt av bunadsølv, frå søljer til sølvbelte og bunadsveske. Ekstra personleg med namneskilt i sølv utanpå.