Kor skal stabbursnøkkelen henga?
Stabbursnøkkel som dekorativt tilbehøyr passar til dei fleste bunader, men veit du eigentleg korleis den skal brukast?
Stabbursnøkkel – eit statussymbol
Ei enkel, lita bygning for lagring av mat - slik var stabburet på dei fleste gardane i det gamle bondesamfunnet. Her var det kister med korn og mjøl, salttønner for salting av flesk, og i taket var det montert krokar for opphenging av røykte og salta kjøtvarer.
Større gardar hadde meir påkosta stabbur med flotte utsmykkingar og to-tre etasjar. Korn og mjøl vart lagra i andre etasje, medan kjøt vart lagra i fyrste etasje.
Ei av dei få dørene som var låst i gardstunet var nettopp stabbursdøra, og i alle tilfelle var det husfrua som hadde tilgang. Ho var nemleg den som hadde æra av å bera nøkkelen.
Å vera husfrue innebar makt og status. Ho hadde øvste ansvar for hushaldet, og ikkje minst organiseringa av arbeidet på garden. Det var høgtideleg å få overta husfruenøkkelen av mor eller svigermor, og nøkkelknippet i beltet på stakken vart ein viktig symbolberar for den autoriteten ei myndig husfrue stråla ut.
Den perfekte gåva
I dag lever stabbursnøkkelen vidare som eit nydeleg smykke til bunaden, men bruken er kanskje ikkje så godt kjent.
- Med bakgrunn i at det var husfruene som hadde hand om nøkkelen, er det gjerne kvinner i etablerte parforhold som brukar stabbursnøkkel til bunaden, forklarar Eldrid Eilertsen på kundesenteret i Sylvsmidja.
- Difor er ein flott stabbursnøkkel eller to ei fin og meiningsfull gåve frå ektemann eller sambuar, smiler ho. Og ikkje minst som morsdagsgåve. Eller kanskje som 40-års gåve til kvinna som har alt?
Kva bunad passar stabbursnøkkelen til?
Stabbursnøkkelen er staseleg inntil bunader med oksidert sølv, og skapar ein fin kontrast til mørke, einsfarga stakk/skjørt. Mest vanleg er det å festa den med ei kjede som høyrer til på høgre side av sølvbeltet, men er du venstrehendt, festar du den på venstre side.
Har du ikkje sølvbelte kan du festa nøkkelen rundt stoffbeltet, dersom du har det. Alternativt kan du henga den som eit smykke rundt halsen.
Kjedene har ulik lengd. Du kan velja mellom 40 og 90 cm.
- Skal nøkkelen henga på beltet er det finast med kort kjede, men som smykke rundt halsen passar det bra med den lengste, seier Eldrid.
Slik fester du stabbursnøkkelen
Tre kjeda gjennom snora på baksida av beltet. Her er det fint å bruka ei 40 cm lang kjede.
Lag ei løkke ved å tre nøkkelen gjennom kjeda.
Stram kjeda og nøkkelen er godt festa til beltet.
***
Heilt til slutt ei artig historie der stabbursnøkkelen spelte ei sentral rolle. Den er henta frå Arbeiderbladet i 1935 og handlar om ein kar som kom til Heddal i Telemark på 1700-talet:
«For omkring 200 år siden kom en gudbrandsdøl ved navn Ole Olsen til Heddal i Telemark. Ole var tømmermann, og på gården Nordre Sem tømret han en stue for enken Helga Sem. Den unge enken fikk den farende tømmermann kjær, og da han skulle reise, la hun sin stabbursnøkkel i nisteskreppen hans. Da Ole var kommet opp på Meheia, åpnet han skreppen og ville få seg litt mat. Han fant nøkkelen som han straks kjente igjen, og han skjønte også at Helga måtte ha sin hensikt med dette. Han vendte derfor tilbake til gården, og enken tilstod da at det stod til ham om han ville bli mann på gården. De ble gifte og fikk en sønn, Ole Olsen Tinne den yngre.»
Kjelde: Wikipedia, Arbeiderbladet 1935.11.23