Korleis festa bunadsølv på nordlandsbunad
Når du har fått på deg nordlandsbunaden er det bunadsølvet som står for tur. Korleis skal alt sølvet eigentleg festast?
Slik fester du bunadsølv på Nordlandsbunad
Uansett om du har grøn eller blå nordlandsbunad har du valet mellom å bruka kvitt/forgylt eller oksidert bunadsølv. Du vel rett og slett det du synest er finast! På skjorta er det vanleg å bruka ei stor sølje og ei mindre sølje. I tillegg treng du mansjettknappar, vestspenner og veskelås, og gjerne sjalfeste og capespenne.
- Fest den største sølja i halsen.
- Den mindre sølja festas da under, det er fint med litt avstand imellom.
- Det viktigaste med mansjettknappane er at dei kjem best mogleg til syne. Hald armane naturleg ned langs sida for å sjå korleis det er finast å ha mansjettknappane.
- Veska hektar du enkelt og greitt på hempa.
Her finn du komplett utval av bunadsølv til nordlandsbunad.
Sjå korleis bunadsølv til nordlandsbunad blir festa
Nordlandsbunaden som vart lansert i 1928 av Hålogaland Ungdomslag finst i både grønt og blått og er i stor grad bygd på fri komposisjon. Med sin elegante fasong og flotte fargekombinasjonar har bunaden mang ein gong blitt kåra som Noregs vakraste.
Både stakk og liv er nøye brodert med blomstermotiv - Nydelege nellikblomar med gamalt opphav frå broderi på eit par tøystykke som vart funne i Vefsn. Bunaden går difor også under namnet Vefsnbunad.
Det blenkjande bunadsølvet til nordlandsbunaden tek utgangspunkt i dette broderiet.