Korleis feste bunadsølv på herrebunad aust-telemark

Usikker på korleis du festar bunadsølv på herrebunaden frå Aust-Telemark? For å gjera det enklast mogleg for deg, har vi laga ein kort video som viser framgangsmåten. Denne framgangsmåten er lik for dei fleste herrebunader.

Slik fester du bunadsølv på aust-telemark herrebunad

Av bunadsølv til herrebunad er det knappane som briljerer. Til Aust-Telemark-bunad treng du 10–12 store knappar og 2–6 små knappar på trøya. Talet på små knappar på vesten varierer frå 14 til 24. Buksa har 4–8 store knappar og 4–12 små knappar. Du treng også ein halsknapp, nål eller hornring øvst på skjorta, mansjettknappar og knespenne.

Denne framgangsmåten er den same for dei fleste herrebunader. 

  1. Halssølja fester du nedanfor skjortekragen. 
  2. Det viktigaste med mansjettknappane er at dei kjem best mogleg til syne. Hald armane naturleg ned langs sida for å sjå korleis det er finast å ha mansjettknappane.
  3. Har du lommeur, fester du kjedet til knappen på motsatt side. Klokka har du oppi lomma på vesten.

Sjå heile utvalet av bunadsølv til aust-telemark

 

Bunadsølv til aust-telemark bunad

Tilbehøyr til herrebunad

Bunadskniven er eit viktig tilbehør til herrebunaden. Om du ikkje har belte, treng du ein knapp til kniven som du stikk gjennom stoffet på buksa. Frå gamalt av var det vanleg å tilpasse knivplasseringa etter kva hand ein var mest van med å bruke. Var du høgrehendt, hengde du kniven på venstre side. I dag er det mest vanleg å ha kniven på høgre side.

Det klassiske lommeuret er eit staselig tilbehør til bunaden, og eit ærverdig arvestykke som knyter generasjonar saman. Lommeura blir laga av det familieeigde, sveitsiske selskapet Aerowatch, der handverk og kjærleik for gamle tradisjonar skin gjennom. Saman med ei flott klokkekjede i sølv får bunaden eit ekstra løft.

Her kan du lesa meir om lommeur og handverket som ligg bak.