Korleis feste bunadsølv på beltestakk
Usikker på korleis du fester bunadsølv på beltestakken? Bli med steg for steg gjennom prosessen, slik at du enkelt kan feste bunadsølvet ditt. For å gjere det endå enklare, har me også laga korte videoar som viser korleis du går fram.
Slik fester du bunadsølv på beltestakken
Beltestakken med sitt breie belte i livet er ei vidareføring av folkedraktskikken i Aust-telemark. Til beltestakken er det vanleg med oksidert sølv, antikkforgylt sølv eller ein kombinasjon av desse to. Til beltestakken treng du ei halsring eller hornring. Du kan også ha fleire søljer på bringa, som byggkornring, slangesølje og bolesølje. I tillegg kjem 3 til 6 par maljer, beltespenne og mansjettknappar.
- Halssølja fester du rett under kragen, heilt oppe i halsen.
- Mange vel å plassere søljene ut frå symmetri; med den minste øvst og den største sølja nedst.
- Spenna festast midt på det breie belte.
- Det viktigaste med mansjettknappane er at dei kjem best mogleg til syne. Hald armane naturleg ned langs sida for å sjå korleis det er finast å ha mansjettknappane.
Visste du at før i tida var slangesølja brukt av ugifte jenter og bolesølja fikk ein først etter at ein gifta seg? Bolesølja blei plassert midt på bringa og slangesølja blei då plassert under den.
Bunadsølv til Beltestakken
Design di eiga bolesølje.
Lag di eiga sølje som symboliserer deg og di tilhøyrsle - Ei sølje som kan gå i arv og ber med seg ei soge. Design di eiga bolesølje her.
Tilbehøyr til beltestakken
Øyrepynt, bunadsring og hårpynt er populære tilbehøyr til bunaden. Beltestakken kan bruka det meste av tilbehøyr i oksidert eller antikkforgylt sølv. Det er også fint med steinar som matchar fargane på bunaden.