Korleis feste bunadsølv på gudbrandsdalsbunad

Når du har fått på deg bunaden, er det bunadsølvet som står for tur. Me har laga ei kort video som viser deg korleis du fester bunadsølv på gudbrandsdalsbunad.

Slik fester du bunadsølv på gudbrandsdalsbunad

Sølvet tar utgangspunkt i gammalt draktsølv frå Gudbrandsdalen. Bunaden finst i svart og blå og har nydeleg blomstarbroderi.

Sølvet til bunaden består av mansjettknappar, ei halssølje; gjerne ei lita hjartesølje eller gudbrandsdalsknappen samt ei rosesølje på bringa. Det vanlegaste er å bruka oksidert sølv, men du kan også bruka forgylt/kvitt sølv.

  1. Halssølja fester du rett under kragen, heilt oppe i halsen
  2. Fest rosesølja nedanfor halssølja, midt på bringa
  3. Det viktigaste med mansjettknappane er at dei kjem best mogleg til syne. Hald armane naturleg ned langs sida for å sjå korleis det er finast å ha mansjettknappane.
  4. Bunadsveska hektar du på beltestølen på sølvbelte.

Sjå heile utvalet av bunadsølv.

 

Bunadsølv til gudbrandsdalsbunad

Tilbehøyr til gudbrandsdalsbunad

Øyrepynt, bunadsring og hårpynt er populært tilbehøyr til bunaden. Gudbrandsdalsbunaden kan bruka det meste av tilbehøyr i oksidert sølv eller forgylt/kvitt. Det er også fint med steinar som matchar fargen og broderiet på bunaden. Eit lommeur som heng i eit klokkekjede rundt halsen, er eit staseleg tilbehøyr til damebunaden.