Korleis feste bunadsølv på hardangerbunad
Når du har fått på deg bunaden, er det bunadsølvet som står for tur. Me har laga nokre korte videoar som viser deg korleis du fester bunadsølv på Hardangerbunad, både damebunad og herrebunad.
Slik fester du bunadsølv på hardangerbunad til dame
Sølvet til Hardangerbunaden består av halssølje, beltespenne, mansjettknappar og borer i forgylt og kvitt sølv. Hovudsølja på hardangerbunaden er tradisjonelt ei ansiktssølje, men nokon brukar rosesølje i stadenfor.
- Halssølja fester du rett under kragen, heilt oppe i halsen
- Fest hovudsølja nedanfor halssølja, slik at det er litt avstand mellom dei. Pass på at sølja ikkje heng så langt ned at ho blir gøymt bak bringkluten.
- Fest bringkluten med borenål på kvar side. Borenåla skal festast på kanten av livet.
- Det viktigaste med mansjettknappane er at dei kjem best mogleg til syne. Hald armane naturleg ned langs sida for å sjå korleis det er finast å ha mansjettknappane.
- Har du dalar og breikjede til bunaden din, heng du dei rundt halsen. Dalaren festar du midt på den øvrekanten av bringkluten.
Bunadsølv til hardangerbunad
Tilbehøyr til hardangerbunad
Øyrepynt, bunadsring og hårpynt er populært tilbehøyr til bunaden. Hardangerbunaden kan bruke det meste av tilbehøyr i kvitt eller forgylt sølv. Det er også fint med steinar som matchar livet på bunaden.
Slik fester du bunadsølv på hardanger herrebunad
Til herrebunaden treng du knappar, halssølje, mansjettknappar, vestspenne og knespenne.
Denne framgangsmåten er den same for dei fleste herrebunader.
- Halssølja fester du nedanfor skjortekragen.
- Det viktigaste med mansjettknappane er at dei kjem best mogleg til syne. Hald armane naturleg ned langs sida for å sjå korleis det er finast å ha mansjettknappane.
- Har du lommeur, fester du kjedet til knappen på motsatt side. Klokka har du oppi lomma på vesten.