Korleis feste bunadsølv på trønderbunad

Når du har fått på deg bunaden, er det bunadsølvet som står for tur. Me har laga ei kort video som viser deg korleis du fester bunadsølv på trønderbunad.

Slik fester du bunadsølv på trønderbunad

Trønderbunaden frå 1923 finst i både rødt, grønt og blått, og er inspirert av gamle rokokko-drakter frå området.

Til trønderbunaden treng du ei sølje i halsen, ei bringsølje, to par hekter til livet og mansjettknappar.

  1. Halssølja fester du rett under kragen, heilt oppe i halsen
  2. Fest bringsølja i vesten.
  3. Det viktigaste med mansjettknappane er at dei kjem best mogleg til syne. Hald armane naturleg ned langs sida for å sjå korleis det er finast å ha mansjettknappane.
  4. Bunadsveska hektar du i stakken.
  5. Hengesmykket Agnus Dei har ei nål bakpå som du festar til bunadskjorta.

Sjå heile utvalet av bunadsølv.

 

Bunadsølv til gudbrandsdalsbunad

Tilbehøyr til trønderbunad

Øyrepynt, bunadsring og hårpynt er populært tilbehøyr til bunaden. Trønderbunaden kan bruka det meste av tilbehøyr i oksidert sølv. Det er også fint med steinar som matchar fargen og broderiet på bunaden.