Korleis vaska bunadskjorte

Å vaska bunadskjorte er enklare enn du trur. Her viser me deg korleis, steg for steg.

Du treng

  • 1 balje med lunka vatn
  • 1 ss sitronsåpe (såpespon)

Kvifor bruka sitronsåpe?
Sitronsåpa inneheld naturlege oljer som legg seg som eit lag rundt fibrane på skjorta slik at eventuelle flekkar ikkje vil festa seg så godt.

Slik gjer du

  1. Finn fram ein rein balje med lunka vatn og løys opp 1 ss sitronsåpe i vatnet.
  2. TIPS: For at såpa skal løysa seg opp raskare, kan du gjera det oppi eit glas med relativt varmt vatn, før du så tømmer det i balja.
     
  3. Legg skjorta i blaut. Gni sitronsåpe på flekkar og la skjorta ligga i nokre minutt.
    TIPS: Er den ekstra skiten er det lurt å leggja den i kaldt vatn fyrst, slik at fibrane opnar seg og det blir lettare å fjerna flekkar.
     
  4. Vri vatnet forsiktig ut av skjorta.
     
  5. Bytt ut såpevatnet med nytt lunka vatn og skyl godt og grundig fleire gongar. Dette er viktig slik at skjorta ikkje gulnar over tid. Når det ikkje kjem bobler i vatnet, er såperestane vekke.
     
  6. Vri forsiktig og tørk skjorta flat.
    TIPS: Legg eit reint og tørt handkle på golvet og la skjorta tørka oppå.

Sjå filmen nedanfor som demonstrerer vask av bunadskjorte med heilt korte og konkrete forklarande steg.

 

Kvifor vaska bunadskjorte for hand?

I dei fleste tilfelle går det fint å vaska bunadskjorta i maskin, men å vaska bunadskjorte for hand er den mest skånsame måten å få den rein på, og bidrar til at skjorta varar lengst mogleg.

Så er skjorta klar for det aller siste steget før du kan ta den i bruk, nemleg stryking. Lurar du på korleis ein stryk bunadskjorte?

Med nystroken skjorte er du klar for å hoppa inn i bunaden på festdagen, og få på alt det vakre bunadsølvet. Her ser du kva bunadsølv du treng til ulike bunader og korleis sølvet skal festast.

Unngå gulna bunadskjorte

  • Grunding skyljing er viktig. Såperestar kan føra til at bunadskjorta vert gul over tid.
  • Legg gjerne bunadskjorta i kaldt vatn etter bruk. Dette gjer at fibrane opnar seg og skjorta vert lettare å reingjera.
  • Stryk bunadskjorta nokre dagar før den skal brukast og ikkje når du skal henga den vekk.
  • Oppbevar bunadskjorta i ein eigen skjortepose. Då er skjorte beskytta mot støv og skit samtidig som du unngår slitasje i skulderpartiet.