Kvinnekrafta bak Sylvsmidja-suksessen

I tida etter 2. verdskrig var Betzy Johannessen drivkrafta bak oppstarten til Sylvsmidja. Med administrativ dyktigheit og forretningssans dreiv ho bedrifta framover medan mannen hennar, gullsmedmeister Leif Johannessen, konsentrerte seg om handverket.

Betzy og Leif Johannessen

Samtidig som ho var mor til fem, tok ho seg av butikkdrifta og hadde ansvaret for dei administrative oppgåvene etter etableringa av Sylvsmidja på Voss i 1940. Leif hadde mindre interesse for denne delen av bedrifta, og som den dyktige gullsmedmeisteren han var, var det fyrst og fremst handverket han hadde full fokus på.

Betzy sin forretningsteft var avgjerande for Sylvsmidja sin framgang, spesielt i ei tid som var prega av usikkerheit, knappe ressursar og strenge restriksjonar på handel og økonomi.

Ho var difor særs oppteken av å sikra bedrifta gjennom nødvendig dokumentasjon, og sendte Wenche, tredje eldst av dei fem barna, til Bergen på handelsskule. Der skaffa ho seg handelsbrev og sikra dermed handelsretten for Sylvsmidja.

Wenche bak disken i butikken på Tjødnatun

Kvinnekamp i kvardagen

Ikkje berre spelte Betzy ei viktig rolle i Sylvsmidja si historie, ho representerer også ein del av kvinnekampen.

For i ei tid med stereotypisk kvinnesyn, prega av tradisjonelle kjønnsroller og forventningar, gjekk ho motstraums med sterk kvinnekraft og balanserte vellykka mellom familieliv og forretningsdrift. Ho viste at kvinner med rette også hadde sin plass utanfor heimen, og er eit inspirerande eksempel på kvinnene sitt sjølvstende og yrkesmessige framgang på den tida.

Det var altså ikkje berre på dei store offentlege og politiske arenaene at kvinnekampen utspelte seg, men også i kvardagen til vanlege kvinner, og for Betzy sin del: gjennom dedikasjon, hardt arbeid og rolle som både mor og forretningskvinne.

Kampen for likestilling og rettferd speglar seg i livshistoriene til mange sterke kvinne. Den internasjonale kvinnedagen 8. mars er dagen for å heidra nettopp dette, og minner oss samtidig om dei utfordringane mange kvinner verda over, framleis står ovanfor i dag.

Hurra for kvinnedagen!

 

 

 

 

Visste du at ...

Stabbursnøkkel eller husfruenøkkel var statussymbol på gardane på 1700-1800-talet. Det var husfrua som hadde nøkkelen til stabburet hengande på beltet på stakken, og berre ho hadde fri tilgang til matlagringa. Denne nøkkelen vart difor eit symbol på den autoriteten og rolla husfrua hadde som den øvste ansvarlege for hushald og mat.

I dag er ein stabbursnøkkel i sølv blitt eit staseleg tilbehøyr til bunaden.

Les også : Stabbursnøkkel som tilbehør til bunad.