Laga pao Voss – tidlaust med evig liv

I jakta på den perfekte julegava, er det lett å bli overvelda av eit hav av midlertidige gaver som risikerer å bli gløymd i løpet av få veker. Men kva med å gi ei gave som varer, ei gave med meining?

Me har samla nokre varige og rimelege gavetips til under 500 kr og under 1000 kr.

Ei gave med mening

Medan me lever i ei tid der mykje er designa for å ha kort levetid, er bunadsølvet frå Sylvsmidja laga med omhu og dedikasjon og skapt for å vara i generasjonar.
Sølv blir aldri utdatert, søkk ikkje i verdi, og det er iallfall ikkje noko ein kastar.

Her på Sylvsmidja lagar me så utruleg mange produkt, alle med detaljar som krev tolmodig arbeid og ikkje minst vilkårslaus kjærleik til handverket. 

Bunadsølvet er ikkje berre smykke; det er eit uttrykk for identitet og tilhøyrsel.

I arv i generasjonar

Tek du godt vare på sølvet ditt, pussar det opp når det trengs og oppbevarer det riktig, så kan det faktisk vara evig.

Heilt sidan 1940 har Sylvsmidja perfeksjonert handverket og vore med på å auka både kunnskap og lidenskap for bunadsølv i heile landet. 

Blenkjande julegavetips til under 500 kr

Samlegaver

Beltestølar og knappar er glimrande samlegaver du kan gi år etter år, heilt til settet er komplett. Kjøp inn fleire så har du gave til jul, bursdag og andre merkedager. 

 

Småsøljer er eit supert gavetips til alle i familien. Småsøljene kan brukast både med og utan bunad og passar til dei yngste like godt som dei eldste.

Sjå alle småsøljer her.

Blenkjande julegavetips under 1000 kr

Tips: Øyrepynt, ringar og hårpynt er fine gaver som også kan brukast utan bunaden.

Ein av våre mest populære gaver er 17. mai sløyfa. Ei gave til både store og små. 2 i 1 sløyfa har avtagbar sølvpynt, då kan ho brukast heile året.

Blenkjande julegavetips over 1000 kr

Ei personleg helsing

– Dersom du handlar gåver hjå Sylvsmidja, så skriv me gjerne ei helsing på eit flott kort for dei som ynskjer det. Det blir alltid sett pris på ei handskriven, personleg helsing sjølv om givaren kanskje sit på den andre sida av landet.
 

 

 

Sølvskattar under treet

Med over 2000 sølvprodukt til 64 ulike bunader og folkedrakter er det mange flotte gåvetips å velja mellom hjå Sylvsmidja. Julestjerna treng med andre ord ikkje blenkja aleine denne jula.

Prikken over i-en får du viss du vel å gravera inn tekst på sølvet du kjøper. Gi ei ekstra meningsfylt gave med ei personleg gravering på alt frå namneskilt til veskelåsar, lommeur, knivslirer og beltestølar.

– Sølv er ein av få ting som kan sjå heilt nytt ut sjølv om det er svært gammalt. Men berre det beste bunadsølvet kan leva i generasjonar og går i arv.