Så mange knappar må du ha til herrebunaden
Eit av spørsmåla mange har om herrebunader er kor mange bunadsknapper skal den ha. I denne saken gir me deg svaret.
Systover i heile Noreg fortel om auka førespurnader etter herrebunader. Via chat på vår nettside, sosiale medier og e-post får Sylvsmidja også stadig vekk spørsmål om bunadsølv til herrane sitt stasplagg.
Sjå vårt utval av bunadsknappar og mansjettknappar
Tina Skorpen på kundesenteret i Sylvsmidja fortel at det gjerne er sambuar, kone eller mor til mannen som sparkar i gong bunadsprosjektet og som tek kontakt med spørsmål om kva bunadsølv som passar til herrebunaden.
Utpå nyåret, når mange herrebunader skal ferdigstillast, opplever me auka førespurnadar på bunadsknappar. Også rundt farsdag, jul og konfirmasjonstider merkar me ei tydeleg interesse.
– Det heng nok saman med at sølvknapper til bunaden er geniale gåver å gje. Ein knapp her og ein knapp der sørger for at kostnaden med dei vert fordelt over tid. Til slutt har den heldige mannen komplett sett med knapper den dagen han skal få sydd seg ein bunad, seier Skorpen.
LES OGSÅ: Klassisk lommeur til herrebunaden
Så mange knapper trenger du
Eitt spørsmål som går igjen er kor mange sølvknapper ein treng, og kva type ein kan velja mellom.
Difor har me tatt kontakt med ulike bunadsprodusentar rundt om i landet og spurt. Basert på dette har me laga ei oversikt nedanfor som du kan bruka som utgangspunkt. Me presiserer at dette ikkje er fasiten.
Talet knapper på same type bunad kan nemleg variera frå systove til systove. Storleiken på knappene eller avstanden mellom dei er element som spelar inn. Kva type bunadsknapper dei brukar kan også variera: Nokon syr med lang hempe, andre med kort.
– Ynskjer ein å vera 100 % sikker, anbefaler me at ein tek kontakt med den som skal sy bunaden, seier Tina Skorpen.
LES OGSÅ: Herrebunad er maskulint! Tips til mannen som skal ha bunad
Rettleiande knappeoversikt til herrebunad
Oversikta nedanfor gjev deg ein god peikepinn på kor mange sølvknapper du treng til herrebunaden. Her får du også ei lenke vidare til ei side som viser oversikt over dei ulike knappene du kan velja mellom samt anna sølv til akkurat din bunad.
Vel fylke:
Agder Innlandet Møre og Romsdal Nordland Rogaland Vestfold og Telemark Troms og Finnmark Trøndelag Vestland Viken
Agder
Aust-Agder herrebunad
Til Aust-Agder herrebunad treng du 24 store og 10 små sølvknapper.
- Jakke: 12 store
- Vest: 10 små
- Bukse: 12 store
Finn komplett bunadsølv til Aust-Agder herrebunad
Vest-Agder herrebunad
Til Vest-Agder herrebunad treng du totalt 18 store og 18 små sølvknapper.
- Jakke: 12 store og 6 små
- Vest: 6 små
- Bukse: 6 store 6 små
Innlandet
Gudbrandsdalsbunad herre
Herrebunaden frå Gudbrandsdalen har kort eller lang jakke, rutavest, brokadevest eller vest med sjalskrage samt nikkers eller langbukse.
- Lang jakke: 12 store og 4 små
- Kort jakke: 10 store og 6 små
- Rutavest: 10 små
- Brokadevest: 6 små
- Vest m/sjalskrage: 6 små
- Nikkers: 8 store knapper 6 små
- Langbukse: 7 store
Dersom du skal ha bunadskniv treng du også ein knivknapp.
Finn komplett bunadsølv til gudbrandsdalsbunad herre
Østerdalsbunad herre
Til østerdalsbunad herre treng du totalt 28 store og 30 små knapper, anten i messing eller sølv.
- Jakke: 16 store
- Vest: 20 små
- Nikkers: 12 store og 10 små
Finn komplett bunadsølv til østerdalsbunad herre
Valdresbunad herre
Til valdresbunad herre treng du totalt 20 store og 20-28 små knapper.
- Jakke: 16 store
- Vest: 12 små
- Langbukse: 4 store og 16 små
- Nikkers: 4 store og 8 små
Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv.
Møre og Romsdal
Nordmørsbunad herre
Til Nordmøre herrebunad herre treng du totalt 3 store og 66 små messingknapper.
- Jakke: 24 små
- Vest: 20 små
- Bukse: 3 store 22 små
Finn komplett bunadsølv til nordmørsbunad herre
Sunnmørsbunad herre
Til sunnmørsbunad herre treng du totalt 32 store og 30 små knapper.
- Jakke: 18 store og 4 små
- Vest: 20 små
- Bukse: 14 store og 6 små
Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv.
Finn komplett bunadsølv til sunnmørsbunad herre
Romsdalsbunad herre
Til romsdalsbunad herre med kort jakke og grøn vest treng du totalt 16 store og 22 små knapper.
- Jakke: 12 store og 4 små
- Vest: 12 små
- Bukse: 4 store og 6 små
Til romsdalsbunad herre med lang jakke og rutavest treng du totalt 24 store og 24 små knapper.
- Jakke: 20 store og 6 små
- Vest: 12 små
- Bukse: 4 store og 6 små
Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv.
Nordland
Nordlandsbunad herre
Til nordlandsbunad herre treng du totalt 23-24 store og 18 små knapper.
- Jakke: 10 store knapper, 4 små knapper til ermeliningen
- Vest: 14 små knapper
- Bukse: 8 store knapper til knelinningen, 5-6 store knappar til bukselinning
Rogaland
Rogalandsbunad herre
Til Rogaland herrebunad treng du totalt 30 store og 30 små knapper. Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv.
Vestfold og Telemark
Vestfoldbunad herre
Til Vestfold herrebunad treng du totalt 24 store og 22 små knapper. Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv.
Finn komplett bunadsølv til vestfoldbunad herre
Vest-Telemark herrebunad
Til Vest-Telemark herrebunad treng du totalt 14 store og 12 små knappar. Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv.
Finn komplett bunadsølv til Vest-Telemark herrebunad
Øst-Telemark herrebunad
Til Øst-Telemark herrebunad treng du totalt 39 store og 12 små knapper. Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv.
Troms og Finnmark
Tromsbunad herre
Til Troms herrebunad treng du totalt 24 store og 18 små knapper.
- Jakke: 10 store og 4 små
- Vest: 14 små
- Bukse: 14 store inkludert linningsknapp
Trøndelag
Trønderbunad herre
Til trønderbunad herre med røter frå Gauldal treng du totalt 40 store og 28 små knapper.
Skal du ha trønderbunaden med røter frå Ålen treng du 37 store og 28 små knapper.
Du treng også ein knivknapp dersom du ynskjer å bruka bunadskniv.
Vestland
Askøybunad herre
Til Askøy herrebunad treng du totalt 13 eller 19 store og 18 små knapper.
- Jakke: 12 store og 6 små knapper
- Vest: 12 små knapper
- Nikkers: 7 store knapper
- Langbukse: 1 stor knapp
Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv.
Finn komplett bunadsølv til afanaskøybunad herre
Fanabunad herre
Til Fana herrebunad treng du totalt 62 knappar. Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv.
Finn komplett bunadsølv til fanabunad herre
Fusabunad herre
Til fusabunad herre treng du totalt 21 store og 26 små knapper.
- Jakke: 14 store
- Vest: 26 små
- Nikkers: 7 store (1 stor viss langbukse)
Du treng også ein knivknapp dersom du ynskjer å bruka bunadskniv.
Finn komplett bunadsølv til fusabunad herre
Hardangerbunad herre
Til Hardanger herrebunad treng du 40 store og 15 små knapper. Du kan velja mellom fleire ulike knapper, deriblant med botn og lang hempe. Du treng også ein knivknapp dersom du ynskjer å bruka bunadskniv.
Finn komplett bunadsølv til hardangerbunad herre
Kvinnheradsbunad herre
Til Kvinnherad herrebunad treng du totalt 10-12 store og 9-11 små knapper.
- Vest: 9 eller 11 små
- Nikkers: 10 eller 12 store
Dersom du skal bruka bunadskniv treng du også ein knivknapp.
Finn komplett bunadsølv til kvinnheradsbunad herre
Nordfjordbunad herre
Til Nordfjord herrebunad treng du 22 store og 22 små knapper. Du treng også ein knivknapp dersom du ynskjer å bruka bunadskniv.
Finn komplett bunadsølv til nordfjordbunad herre
Nordhordlandsbunad herre
Til Nordhordland herrebunad treng du totalt 22 store og 38 små knapper. Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv.
Finn komplett bunadsølv til nordhordlandsbunad herre
Os herrebunad
Til osbunad herre treng du totalt 20 store og 26 små knapper
- Jakke: 14 store og 4 små
- Vest: 14 små
- Bukse: 6 store og 8 små
Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv.
Finn komplett bunadsølv til Os herrebunad
Samnanger herrebunad
Til Samnanger herrebunad treng du 24 store og 20 små knapper.
- Jakke: 18 store
- Vest: 14 små
- Bukse: 6 store og 6 små
Du treng også ein knivknapp dersom du ynskjer å bruka bunadskniv.
Finn komplett bunadsølv til Samnanger herrebunad
Sognebunad herre
Til sognebunad herre treng du totalt 12 store og 22 små knappar. Du treng også ein knivknapp dersom du ynskjer å bruka bunadskniv.
Finn komplett bunadsølv til sognebunad herre
Sotrabunad herre
Til sotrabunad herre treng du 14 store og 18 små knapper.
- Jakke: 14 store
- Vest: 10 små’
- Nikkers:8 små
Du treng også ein knivknapp dersom du ynskjer å bruka bunadskniv.
Finn komplett bunadsølv til sotrabunad herre
Sunnfjordbunad herre
Til Sunnfjord herrebunad treng du totalt 16 store og 14 små knapper. Du treng også ein knivknapp dersom du ynskjer å bruka bunadskniv.
Finn komplett bunadsølv til sunnfjordbunad herre
Sunnhordlandsbunad herre
Til sunnhordlandsbunad herre treng du 20 eller 26 store og 18 små knapper.
- Jakke: 14 store
- Vest: 12 små
- Nikkers: 12 store
- Langbukse: 6 store
Du treng også ein knivknapp dersom du ynskjer å bruka bunadskniv.
Finn komplett bunadsølv til sunnhordlandsbunad herre
Vossabunad herre
Til Voss herrebunad treng du 40 store og 12 små knappar. Du kan velja mellom myntknapper og kløverknapper.
- Jakke: 20 store
- Vest: 14 store og 12 små
- Nikkers: 6 store
Du treng også ein knivknapp dersom du ynskjer å bruka bunadskniv.
Viken
Hallingdal herrebunad
Brudgomsbunad: 4 store og 36 små knapper
Hallingdal Fiskekjelke: 18 store og 26 små knapper
Hallingdal Korttrøye: 12 store og 18 små knappar (6 små knappar i tillegg for nikkers)
Komplett bunadsølv til Hallingdal herrebunad
Østfoldbunad herre
Til østfoldbunad herre treng du totalt 47 knapper.
- Jakke: 20
- Vest: 14
- Bukse: 13