Sagastad: Episke soge og tidlaust design

Ber med deg dei episke sogene frå vikingtida med tidlause smykke inspirerte av norrøn mytologi og handverk.

Vikingsmykke er meir enn berre tilbehøyr – dei ber med seg spennande soger frå den norske vikingtida. Sagastad-smykka er inspirerte av arkeologiske funn frå gravhaugar i Nordfjordeid, og kombinerer moderne design med autentiske vikingmotiv. Kvar smykkeserie tek deg med på ei reise gjennom historia og fortel si unike soge.

Sagastad-kolleksjonen er utvikla i samarbeid med Sagastad-museet og designa av gullsmed Kathrine Berg. Alle smykka er laga hjå Sylvsmidja på Voss.

Desse tidlause smykka er skapt for den moderne mannen og kvinna som set pris på ekte sølvkvalitet og historisk arv.

Bli kjent med dei ulike seriane og dei episke sogene som har inspirert Sagastad-smykka.

 

Ingerid

Namnet er inspirert av dronning Ingerid av Stårheim, og designet i denne smykkeserien har sitt opphav i ei sølvperle frå ein gravhaug frå 900-talet på Nordfjordeid. Grava inneheldt eit brent skip og vakre gjenstandar som tilhøyrde ei mektig kvinne. Ein stav funnen i grava kan tyde på at ho var ei volve – ei spåkvinne tett knytt til ritual, mytologi og dei norrøne gudane.

Audbjørn

Namnet er inspirert av vikingkongen som døydde i slaget mot Harald Hårfagre på 860-talet. Designet i serien er inspirert av eit sverd frå ein gravhaug på Nordfjordeid, datert til tidleg på 900-talet. Kanskje tilhøyrde det ein av sønene til kongen?

Naglfar

Designet i serien er henta frå naglane i Myklebustskipet og handtaket på staven i ei kvinnegrav frå 900-talet. Namnet på serien er henta frå norrøn mytologi, der Naglfar er namnet på verdas største vikingskip som skulle segla inn i det store slaget ved verdas ende – Ragnarok.

Naglane på det rekonstruerte Myklebustskipet

Myklebustmannen

Denne serien viser eit motiv av eit menneskehovud frå eit keltisk bronsekar frå 700-talet. Karet vart truleg røva frå eit irsk kloster av kong Audbjørn, vikingkongen av fjordane, på 800-talet. Faktisk vart leivningane hans funne i dette karet blant Myklebust-funna, noko som viser kor viktig det var – både i livet hans og på reisa til Valhall.

Myklebustskipet

Restane av det brende skipet i gravhaugen frå siste halvdel av 800-talet har vorte kalla opp etter garden der funnet vart gjort. Skipet var truleg rundt 30 meter langt, det største ein har funne spor etter i Noreg så langt. Skipet vart bygd opp att på Nordfjordeid i 2016-2019 og kan finnast i Sagastad Viking Senter.