Slik ser du om bunadsølvet ditt er ekte

Ekte bunadsølv skal vara i generasjonar. Dessverre finst det kopiar og falske bunadsølvprodukt i marknaden. Her får du råd om kva du bør sjå etter for å vera sikker på at du har kjøpt ekte vare.

Dette må du sjå etter

Alle varer av edelmetall; sølv, gull og platina skal ha eit finhetsstempel/gehalt. Det seier noko om kor mykje av produktet som er av edelt metall, og vert angjeve i tusendelar.

– For bunadsølv kan det til dømes vera 830 eller 925, og betyr då at 83 eller 92,5 % av produktet er reint sølv, medan resten er kopar som er tilsett for å gjera produktet hardare, forklarar Bente Elin Lidal som jobbar på kundesenteret i Sylvsmidja.

Stemplingsplikt på sølv går heilt tilbake til 1314 då Kong Håkon V innførte denne for å sikra at finheten var tilsvarande ein engelsk penning.

Frå 1384 skulle gullsmedane i tillegg ha eit unikt «meisterstempel», ein unik signatur med figur eller initialar som skulle identifisera meisteren. Slik er det også den dag i dag.

Alle ansvarsmerke i Noreg skal registrerast hjå Patentstyret. Her kan du søka og finna oversikt over dei ulike ansvarsmerka frå 1905 og fram til i dag.

– Ekte bunadsølv skal vara i generasjonar. Sjå difor etter ansvarsmerket for å vera sikker. Det kan vera ein figur eller bokstavar bakpå ei sølje, forklarar Bente.

Sylvsmidja sitt ansvarsmerke er ein «J» forma som eit drikkehorn og står for gullsmedmeister Leif Johannessen som grunnla Sylvsmidja i 1940.

– Har du dette stempelet på sølvet ditt, har du livstidsgaranti på produksjonsfeil, seier Bente og smiler.

 

Sylvsmidja sitt ansvarsmerke, ein «J» for Leif Johannessen, grunnleggjaren av Sylvsmidja.

Sølvbelte frå farne tider

Cecilie Selsvoll Monsen frå Bergen har arva eit svært gamalt sølvbelte frå oldemor si.

– Det høyrer til hardangerbunaden og er ganske unikt, seier ho.

Facebookgruppa Bunadsølv har ho delt eit bilde av beltet, og ein kan tydeleg sjå bokstavane AC og PD på beltespenna.

– Du kan tru eg er nysgjerrig på kven som fekk laga dette beltet til seg. Det har dessverre ikkje sitt opphav i vår slekt, oldefar kjøpte det på auksjon i 1898 som bryllaupsgåve til oldemor, fortel Cecilie.

Eit staseleg, gamalt belte med initialane AC og PD på beltespennet.

Nydeleg sølvbelte med original list – råskinn trekt med raud ullfilt og kanta med sølvtråd. Godt oppbevart i eit nisteskrin frå 1700-talet.

Arvesølv

Arvesølv er det fleire som har, og ganske ofte får me spørsmål frå folk som er nysgjerrige på kvar i landet sølvet deira er laga og kva bunad det passar til.

– Det er gjævt med arvesølv, spesielt no når det finst ein del uekte bunadsølv der ute, seier Bente Elin Lidal som jobbar på kundesenteret i Sylvsmidja. Tradisjonane arvesølvet representerer, soga dei ber med seg, er jo halve verdien, smiler ho.

– Om du studerer sølja di, kan du finna mykje spennande og er nærast som ei skattejakt, fortel Lidal.

Beltet til Cecilie er stempla med initialane I R, og alle stølane har også eit bymerke som vart påbode i 1491. Det heiter seg at i tillegg til meistermerket skulle alt sølv merkast med «eit nytt syndeleg stadsteikn med krune på». Bymerket vart ikkje brukt konsekvent, og utsjånaden kunne variera.

Frå 1700-talet bestod bymerket til Bergen av byporten med 7 kuler. Meisterstempelet til Jacob Christian Ravn er IR – I vart ofte brukt i staden for J.

 

Cecilie tok med seg beltet sitt til ein gullsmed i Bergen, og der fekk ho vita at beltet vart laga som eit komplett bestillingsverk av gullsmed Jacob Christian Ravn (1807-1865) i Bergen i 1850. Han gjekk i lære hjå Andreas Blytt i 1822-1828 før han seinare tok borgarskap 25. mai 1835.

– Dette er eit godt tips til andre som ynskjer å finna bakgrunnen til bunadsølvet sitt, seier Bente. Besøk den lokale gullsmeden din. Mange av dei sit inne med mykje fagkunnskap og kan finna fram til interessante informasjon om sølvet ditt.

Besøk også Facebookgruppa Bunadsølv for bunadsølv-interesserte. Her kan du lasta opp bilete av sølvet ditt, og er du heldig kan det vera nokon i gruppa som kjenner det att eller som har sett ansvarsmerket før.

 

LES OGSÅ: Bunaden din fortener det beste sølvet

Epilog - Anna C. Pedersdatter

Nysgjerrige på kven beltet til Cecilie kan ha blitt laga til i utgangspunktet, førte oss til eit aldri så lite djupdykk i Digitalarkivet. Utstyrt med ein god porsjon tolmod søkte me innanfor den aktuelle tidsperioden og baserte oss på dei fire initialane AC og PD. Me antok av vedkomande var frå Hordaland og at D’en stod for «datter». Etter eliminasjonsmetoden fekk me eitt treff:

Anna C. Pedersdatter

Dette må sjølvsagt takast med ei klype salt, men om me har funne riktig person så er ho antatt fødd i 1825 og var gift med Lars Endresen, gardbrukar i Finnås prestegjeld (Moster/Bremnes/Bømlo). Saman hadde dei 6 barn: 4 søner og 2 døtrer.