Stolte tradisjonar møter framtida med opne armar
Sylvsmidja har i alle år lagt stor vekt på å fornye seg. I fjor fylte me 80 år, og det var startskotet for noko heilt nytt: No kan du sjølv designe di eiga sølje.
I fjor skulle Anne Skjelde konfirmerast. Den fjorten år gamle jenta frå Voss har fått ei heilt spesiell gåve av foreldra: Ei sølje ho har designa sjølv.
– Det var veldig enkelt å gjere, men det tok litt tid å velje ut alle delane sidan eg var nøydd til å ta seriøse val. Eg skal jo ha sølja lenge, og så skal den gå i arv etter at eg har hatt den, seier fjortenåringen reflektert.
Enkelt å designe
Me har no lansert eit heilt nytt verktøy som gir kundane sjølve moglegheit til å designe sine eigne søljer.
– Eg bestemte meg kjapt for grøne steinar. Det passar fargen på bunaden, og samtidig er det litt tradisjonelt. Det vanskelegaste var fargen på midtpartiet. Det enda med oksidert sølv med ein grøn stein, seier Anne.
Med utgangspunkt i ansiktssølja med forgylt botn som høyrer til Vossabunaden, valde ho sjølv dei lauva og henga som ho hadde lyst til. Fargane på steinane blei altså også endra, frå raude til grøne.
Lurer du på kva søljene fortel?
Kva lauv og heng skal du velje?
Fekk sjå sølja bli laga
Eit par dagar etter at designet var sendt inn, fekk Anne som første søljedesignar besøke verkstaden vår. Der var gullsmed Iris June Bø Nesje i gang med å lage sølja.
– Her er sølja di.
– Oi, den var fin! Kjempefin. Det er kjekt å kunne designe si personlege sølje.
Gullsmeden likar også nyvinninga:
– Eg synest det er veldig spennande å sjå kva val folk tek. Denne som Anne har sett saman er veldig interessant. Og eg synest det er stilig med det oksiderte midtpartiet.
– Eg fann ut at det får grønfargen i steinane litt meir fram, seier Anne, som ikkje fryktar «bunadspolitiet»:
– Nei, eg tenker ikkje så mykje over akkurat det. Så lenge sølja er personifisert til meg, blir det berre endå meir stas å gå i bunaden. Andre får meine kva dei vil.
Kan det bli meir personleg?
Som prikken over i-en, har me ei siste overrasking på lur til konfirmanten: På baksida av det eine lauvet har me gravert inn ein «A».
– Oi, så kult, seier ho når Iris viser graveringa.
A-en har ein spesiell plass hos meg sidan både oldemor, bestemor og mor mi har namn som begynner med A. Og så heiter jo eg Anne, seier ho og legg til:
– Så kan jo framtidige barn ein gong i framtida gravere inn sin forbokstav. Det blir nok ein A det også, seier ho og smiler.
Den originale til venstre og Anne si eige til høgre. Dei raude steinane er endra til grøne. Midtpartiet er oksidert, og dei runde skålene er endra til korslauv.
Feirar jubileum
I 2020 var det 80 år sidan me starta opp i ein ørliten verkstad på Voss. Me er opptekne av å ta vare på tradisjonar, men samtidig møte framtida med opne armar. Søljedesignaren er nettopp eit eksempel på det.
– Bunadsølv har aldri vore statisk, men i utvikling. Det levde og gjekk i arv rundt på gardane. Gjennom generasjonane har alt frå symbolikk til form og uttrykk blitt tilpassa og endra, seier gullsmed Iris, og utdjupar:
– Det at kundane no kan designe sine eigne søljer, tek bunadsølvet vidare på denne ferda.
Dei dyktige gullsmedane våre lager søljene for deg her på Voss.
Ein eigen beltekalkulator
Heilt sidan 1940 har me perfeksjonert måten me lager bunadsølv på. Sylvsmidja er ein stolt berar av norske tradisjonar, og no får altså du som kunde sjansen til å designe sølja du alltid har drøymt om.
For nokre år sidan utvikla me ein beltekalkulator der kundane sjølv kan plukke element dei ønskjer å ha med på sølvbeltet sitt.
– Beltekalkulatoren blei veldig godt tatt imot, og det var den som inspirerte oss til å utvikle endå meir skreddarsaum, seier Iris vidare.
I arv gjennom generasjonar
Hege Andresen, butikksjef hjå Heimen Husfliden i Oslo, synest det er flott at me no opnar opp for at folk kan lage personlege søljer som så kan gå i arv gjennom generasjonar:
– Historisk sett har folk brukt det bunadsølvet dei hadde tilgjengeleg, og det som blei laga varierte frå kvar enkelt smed. Slik reflekterer Sylvsmidja denne gamle tradisjonen fordi ein no kan lage sølvet meir personleg, seier ho.
Noko av det Andresen liker spesielt godt er at kundane sjølve kan tilpasse dei fargane dei liker aller best.
– Personleg er eg veldig glad i alt som blenker, så det er kjekt å kunne velje steinane sjølv. Kanskje kan dette også vere med på at folk bruker bunaden meir, ser ho for seg.
Me har allereie fått mange gode tilbakemeldingar frå folk som har prøvd å designe sine eigne søljer.
– Utruleg kjekt! No gler vi oss til å lage heilt unike søljer til kundane våre, seier Iris med eit stort smil.
Kva seier dei som har prøvd å designe si eiga sølje?
«Siden og prosessen var veldig enkel og oversiktlig!»
- Kristine Risan Hagen
«Det var lett å gjøre forandringene, fint at en kunne gå ut og inn av de forskjellige søljene. Så denne siden likte jeg.»
- Nina Woll
«Mi oppleving av «Design di eiga sølje» var svært god! Eg tykte tenesta var lett å bruke, og veldig oversiktleg og grei. Eg vil definitivt bruke denne tenesta igjen.»
- Anna Hellebust
«Vi likte godt at vi kunne bytte farger og få se resultatet på de ulike valgene. For oss er tradisjon viktig, samtidig som vi har mulighet til å sette vårt preg på sølvet.»
- Jeanette Svendby
Bunadsølv har aldri vore statisk, men i utvikling. Det levde og gjekk i arv rundt på gardane. Gjennom generasjonane har alt frå symbolikk til form og uttrykk blitt tilpassa og endra.
Tekst og foto: Schibsted Partnerstudio