Konfirmasjon
Tips og inspirasjon til den store konfirmasjonsdagen
Her finn du alt på éin stad: Gode råd til konfirmasjonsplanlegginga, tips til hårfrisyrer, vask og stell av bunadsølv – og gåvetips til konfirmanten.
Skal du arrangera konfirmasjon?
Start planlegginga i god tid – då slepp du stress, og får betre tid til det som betyr mest. La konfirmanten vera med og fortelja korleis hen ynskjer å feira dagen. Bruk gjerne hugselista vår som eit godt utgangspunkt.
Hårpynt og frisyretips til konfirmasjon
Med rett hårpynt og enkle grep får du ei frisyre som passar perfekt til bunaden. Sjå tipsa våre og la deg inspirera!
Hårpynt i sølv
Jenter i alle aldrar ynskjer å pynta håret med noko som er like staseleg som bunaden. Her finn du både hårspenner, hårstrikk og hårklyper i ekte sølv. Utvalet er stort, og du finn garantert noko som passar perfekt til bunaden.
P.S. Dei er også fine å bruka utan bunad. 😉
Gavetips til konfirmasjon
Å velje den rette konfirmasjonsgaven kan vera utfordrande. For å hjelpa deg på veg, har me samla nokre inspirerande gavetips. Når du vel bunadsølv frå Sylvsmidja, investerer du i ei gåve som ikkje berre varer i årevis, men som også blir eit verdifullt minne for livet. ❤️
Usikker på kva bunadsølv som passar?
Noko litt meir personleg?
Då kan du designa ei sølje som symboliserer konfirmanten og deira tilhøyrsle. Dyktige handverkarar i Sylvsmidja gjer ho til verkelegheit.
Ditt design, dine val – ei tidlaus gåve til nokon du er glad i.
La konfirmanten velja sjølv
Er du ikkje heilt sikker på kva du skal gje i gåve? Då kan du gje eit gåvekort frå Sylvsmidja, så kan konfirmanten få velja heilt sjølv – i heile vårt sortiment.
Bli Sylvsmidja-ven
MOTTA TIPS OG RÅD OM BUNADSØLV OG ANDRE SMYKKE