17. mai-sløyfa – på høgre eller venstre side?
Det kjennast spesielt å ha 17. mai-sløyfe på brystet på nasjonaldagen. Du ber den med rak rygg. Du ber den med stoltheit og glede.
Plasser 17 mai sløyfa nærmast hjartet
Det er ikkje alltid like lett å hugsa kva side 17. mai-sløyfa skal festast på. Hjarta er stikkordet her. I følgje skikk og bruk skal nemleg sløyfa sitta nærast hjarta, altså på venstre side.
Har du dress festar du den høgt oppe på venstre jakkeslag, over brystlomma.
Hugseregel: 17. mai-sløyfa skal vera på hjartesida
Kan ein bruka 17. mai-sløyfe til bunaden?
I utgangspunktet er ikkje sløyfa ein del av bunadsstasen. Bunaden er eit nasjonalt symbol i seg sjølv, rikt dekorert med broderi, mønster og fargar.
Nokon synest difor at sløyfa ikkje skal brukast saman med bunaden, men det er ikkje noko regel med to strekar under svaret. Det er sjølvsagt tillat om du vil ha 17. mai-sløyfe på bunaden, og heilt opp til kvar enkelt å bestemma. Det sentrale er at den symboliserer feiringa av grunnlova og alt den står for, så det kan aldri bli feil å bruka 17. mai-sløyfe på grunnlovsdagen!
Tips: Har du cape til bunaden? Fest 17. mai-sløyfa på capen så unngår du å øydelegga bunadsvesten.
17. mai-sløyfa symboliserer feiringa av grunnlova og alt den står for, så det kan aldri bli feil å bruka 17. mai-sløyfe på grunnlovsdagen!
To-i-ein sløyfer
17. mai-sløyfe med sølvnål er tidlaus og varig. Den kan brukast igjen, år etter år og er ei flott gåve til store og små. Vel mellom ulike lokale og nasjonale motiv i sølv.
Tips: Du kan bruka sløyfa med for eksempel Trondhjemsrosen eller blåklokke frå Lofoten sjølv om du ikkje har tilknytning til området. Vel den du synest er finast – uavhengig av tilhøyrsle.
2 i 1-sløyfene våre kan brukast på ulike måtar. Du kan bruka dei som komplette sløyfer på grunnlovsdagen, eller ta av sjølve sløyfa og bruka sølvpynten åleine på til dømes skjortekragen eller på eit sjal elles i året.
Les også: Ein ny generasjon 17. mai-sløyfer
Sløyfer for alle, også hunden
Mennesket sin beste venn må også få si eiga sløyfe på 17. mai! På beinet under kruna er det plass til å gravera namnet til hunden.
I tillegg har me sjølvsagt også 17. mai-sløyfe til mann, dame og barn.