Pusse bunadsølv på 1-2-3
Ingenting blenkjer meir enn det finaste bunadsølvet, men over tid vil sjølv den vakraste sølja trenga litt puss og stell. Sjå dei enkle tipsa våre om hvordan pusse bunadsølv.
For å ta best mogeleg vare på bunadsølvet bør det pussast etter bruk. Då får du vekk skit og smuss før du legg det vekk.
Me har laga ei kjapp oversikt om hvordan pusse bunadsølv. Framgangsmåten gjeld om du har oksidert, kvitt, forgylt eller gamalforgylt bunadsølv.
Slik pusser du bunadsølv
- Fyll ein bolle med lunkavann, nokre dråper zalo og salmiakk.
- La sølvet liggja oppi i ca 10-15 minuttar.
- Vask forsiktig med ein liten kost eller klut.
- Skyll med reint vatn og tørk med ein rein handduk.
Lag såpevatn
Fyll ein plastbolle med lunka vatn, nokre dråper Zalo og 1 ts salmiakk for kvar liter vatn. La sølvet liggja oppi i ca. 10-15 minuttar.
- Treng du ny sølje? Sylvsmidja har alt du treng – både til vaksen og til born.
Vask forsiktig
Vask bunadsølvet forsiktig med ein liten kost (for eksempel ein mjuk tannkost).
- Usikker på kva slags sølv du treng til bunaden? I bunadsguiden vår kan du sjå kva slags sølv som passar til akkurat din bunad.
Skyll og puss
Skyll av med reint vatn og tørk med ein rein og mjuk handduk. Gå gjerne over med ein hårfønar for å vera sikker på at det er heilt tørt. Ver ekstra merksam på halsknapp og mansjettknappar som har hulrom, og sørg for at det ikkje ligg att vatn og såperestar inni.
- Treng du ei gåve til nokon du er glad i? Med gåvekort frå Sylvsmidja gjev du kvalitet som varar.
Skal du pussa påsydde knappar? Då er pussebrettet ein nyttig venn å ha. Brettet vernar bunadsstoffet medan du pussar knappane blanke og fine.
- Treng du nye eller fleire knappar til bunaden? Sylvsmidja har knappane du treng til din bunad.
Obs! Ver forsiktig med bruk av ulike sølvrens. Mange av desse kan vera for sterke og fjerna både forgylling og glans.
Oppbevaring
For at bunadsølvet ditt skal halda seg fint over tid, må du oppbevara det reint og tørt, mørkt og lufttett. Bruk aldri gummistrikk då den inneheld svovel som fører til oksidering og stygge flekkar.
Men sjølv etter riktig oppbevaring, vil bunadsølvet ofte trenga ein grundigare reingjering. Ta det med til den lokale gullsmedbutikken din så får du den hjelpa du treng.
LES OGSÅ: Her er svara på alt du lurar på om pussing av bunadsølv