Alt du treng å vite om bunadsølv til Fanabunaden
Fana i Bergen er ein av dei få stadane i Norge som har ubroten bunadstradisjon, bunader som representerer siste ledd i ei folkedraktutvikling. Det er gjerne variasjonar i fargar og detaljar på til dømes liv og stakk, men utforminga elles er lik.
Til damebunaden er det mest vanleg med forgylt sølv. Gjerne med raude steinar. Nokre har kanskje med grøne eller blå steinar, som frå gamalt av, berre dei gifte kvinnene kunne ha.
Sølv til damebunad:
- 1 halsknapp/halssølje
- 1 brystsølje
- 1 par mansjettknappar
- 1 beltespenne
I tillegg kan ein også ha valfrie tilbehøyr:
- Hårpynt
- Øyrepynt
- Ring
Sølvbelte blir tradisjonelt sett brukt av gifte kvinner. Her vert det brukt forgylte stølar på raud skinnlist.
Her kan du setja saman eit sølvbelte til Fanabunad, basert på livvidde.
Komplett bunadsølv til Fanabunad til dame finn du her.
Sølv til herrebunad:
Til herrebunaden står ein meir fritt til å velja mellom forgylt, kvitt eller oksidert sølv. Messingknappar finst også.
- 1 stetteknapp med eller utan heng i skjortekragen
- 1 skjortering i halssplitten
- 1 par mansjettknappar
- 1 par knespenner til knebukse
- 60-62 sølv- eller messingknappar i vest, jakke og knebukse/bukse
Talet knappar kan variera frå systove til systove, så høyr gjerne med den som skal sy bunaden om kor mange du treng.
Staseleg tilbehøyr har me også til karane: Kniv som kan henga på sida av buksa, og lommeur med tilhøyrande kjede som pyntar opp vesten. I tillegg finst det også selespenner og skospenner i sølv.
Berre det beste bunadsølvet lever gjennom generasjonar og går i arv.
Bergensgullsmedane står for mykje av opphavet til draktsølvet i Hordaland generelt, og sølvet som har vore brukt til Fanabunadene dei siste 200 åra, har mykje til felles med det som var i bruk elles på dei ulike vestlandsdraktene. Noko skil seg ut, og er det me kjenner som fanasølv i dag.
Det særeigne bunadsølvet til Fana er satt saman etter råd og rettleiing frå den kjende bunadsentusiasten Olga Breivik (f. 1921) og Historisk museum i Bergen. Olga Breivik har enorm kunnskap om bunader, og særleg Fanabunaden. Bunadsinteressa har ho bore med seg heile livet, og i 2000 fekk ho Kongens fortenestemedalje i sølv for arbeidet sitt.