Bunadsfrisyrer til konfirmasjon og 17. mai
Bunadsølvet og bunaden ligg klar til bruk på konfirmasjonsdagen og 17. mai, men kva med håret? Tradisjonelt eller moderne? Her får du inspirasjon og forslag til tre lekre bunadsfrisyrer du enkelt kan laga sjølv.
Her kan du sjå vår vakre hårpynt i sølv
«Bunadsfrisyren skal vera enkel, men samtidig elegant. Og den bør halda heile dagen,» seier Veronica Møen som driv sin eigen frisørsalong på Voss. Her gir ho forslag til konfirmanten på enkle «gjør det selv-frisyrer».
«Bunadsfrisyren skal vera enkel, men samtidig elegant. Og den bør halda heile dagen»
-Veronica Møen, frisør på Voss
Leiken og lett hårfrisyre
Dette treng du:
- Tynne, minihårstrikk i hårfargen din
- Bunadsklyper til pynt
Slik gjer du:
- Ta litt hår frå toppen på begge sider, fest med hårstrikk og tvinn hestehalen rundt seg sjølv.
- Jobb deg nedover og gjenta trinn 1, men ta med hestehalen du nettopp lagde. Fest med hårstrikk og tvinn det heile rundt.
- Gjenta trinn 2 til du kjem heilt ned. Pynt med bunadsklyper.
Sylvsmidja har hårpynt som passar til alle bunadar, finn den som passar til bunaden din.
Enkel flettefrisyre
Dette treng du:
- Kam
- Tynn hårstrikk
- Bunadsklyper
Slik gjer du:
- Tupér øvste del av håret på toppen slik at du får litt volum framme.
- La det vera litt hår igjen på sidene og lag ei pariserflette med resten.
- Fest med hårstrikk når du kjem halvvegs og pynt med bunadsklyper.
Tips til deg som vil ha håret klart på 1-2-3: Ein hårstrikk med bunadsølv gjer sjølv den enklaste hestehalen klar til fest!
Omvendt flette med knute
Dette treng du:
- Hårstrikk
- Hair-donut
- Hårnåler
- Bunadsklyper
Slik gjer du:
- Bøy deg framover og lag ei pariserflette som går oppover.
- Når du har fletta opp til øvste delen av hovudet, samlar du den saman med resten av håret framme og lagar ein hestehale.
- Tré hestehalen gjennom ein hair-donut og fordel håret jamt over slik at du dekkjer den.
- Tvinn resten av håret rundt knuten og fest med hårnåler.
- Pynt med bunadsklyper.