Englespenne - Kva bunad passar den til?
Religiøse motiv hadde symbolske og magiske tydingar i midalderen og fungerte som vern mot overnaturlege farar.
Englar var populært, og me ser dei att i gamle søljer og andre spenner, slik som denne englespenna.
Englespenne er ei nydeleg gåve til konfirmantar.
Denne borespenna har ein engel eller Jomfru Maria-figur på midten. På folkemunne er den difor også kjent som jomfruspenne, og vart gjerne brukt av ugifte jenter.
Finst i både oksidert og forgylt sølv, til skinnlist og stofflist.
Eit sølvbelte som du kan regulera livvidda på, er det mange som ynskjer seg. Visste du at det finst eit beltespenne som gjer dette mogleg? Den har også englemotiv.
LES OGSÅ: Fleksibelt sølvbelte til bunad.
Kva bunader kan ha englespenne?
Englespenna er mest vanleg på bunader frå Vestlandet. Og til dei som brukar borespenne, er
englespenne eit flott alternativ.
Englespenne, oksidert
- Hardanger Vinterbunad
- Kvinnheradbunad
- Nordhordland Vinterbunad
- Sognebunad
- Sotrabunad
- Voss Vinterbunad
Englespenne, forgylt
- Austevollbunad
- Fusabunad
- Hardangerbunad
- Nordhordlandsbunad
- Osbunad
- Samnangerbunad
- Sotrabunad
- Tysnesbunad