Finn bunadskniven som viser kven du er

Sidan dei fleste bunadsknivar passar til alle herrebunader, står du heilt fritt til å velja den du synest er finast. Kanskje kniven gir eit hint om stilen din, historia di eller interesser som ligg deg nær?

Finn bunadskniven som passar best til deg!

For den musikkglade

Myllarguten

Inspirert av den kjende spelemannen Myllarguten frå Telemark, er denne kniven eit uttrykk for kreativitet og lidenskap for norsk kultur. Han passar difor perfekt til musikkinteresserte, dei som ønskjer å uttrykkja si kunstnarlege side, eller dei som føler seg knytt til norsk musikk- og folketradisjon.

Kjøp Myllarguten bunadskniv

For den som vil ha det beste

Ola bunadskniv med handskoren slire

Ola-kniven er det rette valet for den som set pris på ekte handverk og ønskjer seg den gjævaste kniven til bunaden. Han er laga for dei som aldri går på kompromiss med kvalitet, og som verdset dei finaste detaljane.

Namnet Ola betyr forfar og etterkommer/arving, noko som gjer denne kniven til eit ideelt val for dei som ønskjer å gje vidare ein skatt med historie og verdi til framtidige generasjonar.

Kjøp Ola bunadskniv

For den prinsippfaste

Baglerkongen

Bunadskniven hyllar baglarane frå 1100- og 1200-talet, ei historisk epoke prega av motstand og maktkamp under borgarkrigstida.

Baglarane, som ville verna om kyrkja som ei sjølvstendig eining, kjempa mot kong Sverre og birkebeinarane som ønskte å styrka kongemakta og utfordra autoriteten til kyrkja.

Det enda med eit forlik i 1217 og la grunnlaget for eit meir samla Noreg. Kongemakta fekk etter kvart kontroll over heile landet, medan kyrkja også stod som ein eigen, mektig institusjon.

Bunadskniven passar perfekt for dei med interesse for norsk historie – eller for dei som står opp for eigne meiningar og vågar å gå sine eigne vegar, akkurat slik baglarane gjorde i si tid.

For den som vil ha noko personleg

Vangsguten bunadskniv

Vangsguten er kniven for den som set pris på godt, norsk handverk og ønskjer eit bunadstilbehøyr med personleg tilknyting. Det store graveringsfeltet i sølv gjer dette til eit ideelt val for den som vil setja sitt eige særpreg på kniven – anten det er med namn, initialar eller ein spesiell dato. Kanskje er det ein ung, sterk kar med røter frå bygda?

Kjøp Vangsguten bunadskniv

For den uredde eventyraren

Birkebeinerkniven

Birkebeinarane er kjende for motet og uthaldet sitt, særleg gjennom den dramatiske ferda over fjella for å redda kongssonen, Håkon Håkonsson frå baglarane i 1206. Birkebeinerkniven symboliserer difor mot og styrke, og passar godt til ein viljesterk og uredd eventyrar.

Kjøp Birkebeiner bunadskniv

For den kvalitetsbevisste

Kongskniven

Kongskniven er ein eksklusiv tinnkniv som uttrykkjer styrke og eleganse, og ber namnet med tyngde og verdigheit. Smidig, men robust – laga med kjærleik til handverket der kvar linje og utskjering er forma med presisjon. Denne kniven kler den som verdset kvalitet og set pris på dei fine detaljane.

For den kreative som ser moglegheiter i alt

Askeladden

Me kjenner alle til eventyrkarakteren Askeladden, som alltid finn løysingar der andre ser problem. Denne bunadskniven vil difor passa for ein som ser seg sjølv som ein moderne Askeladd –  ein med eit lystig sinn, ein evig optimist og som tar livet som det kjem. Ingen utfordring er for stor. Alltid nysgjerrig og open for nye moglegheiter.

Kjøp Askeladden bunadskniv

For den jordnære

Tyrihans

Tyrihans er ein skikkelse frå eventyret «Tyrihans som fekk kongsdottera til å le». Han la ikkje store planar, men lét tilfeldigheitene styra, og enda sjølvsagt opp med både prinsessa og halve kongeriket. Tyrihans bunadskniv passar difor godt til ein jordnær type med eit avslappa forhold til livet – ein som har ei «det ordnar seg»-haldning og alltid landar på beina, uansett kva han føretek seg.

For den som finn styrke i naturen

Dovre bunadskniv

Dovrekniven er ein hyllest til den norske fjellheimen, oppkalla etter dei mektige Dovrefjella som har blitt ein metafor for noko stabilt, påliteleg og urokkeleg. Han uttrykkjer verdiar som samhald, motstandskraft og lojalitet – eigenskapar som står sterkt i den norske kulturen.

Dovrekniven passar perfekt for dei som ser seg sjølv i desse verdiane, eller som finn styrke i naturen og kjenner seg heime i fjellet. Og kanskje for dei med eit snev av staheit, som ikkje let seg pille på nasen så lett.

Kjøp Dovre bunadskniv

For villmarksentusiasten

Bjørnkniven

Inspirert av bjørnen sitt symbol på styrke, gir denne bunadskniven deg eit hint av nordisk villmark. Han er stilrein, men robust og praktisk – perfekt for den som føretrekk eit enkelt og tidlaust uttrykk.

Kjøp Bjørn bunadskniv