Myllarguten i tinn – bunadskniven «alle» vil ha

Myllarguten er ein av dei mest populære bunadsknivane i tinn – eit tidlaust stykke handverk som ofte vert gitt i gåve og som har blitt eit kjært tilbehøyr til herrebunaden. Kva er det med denne kniven som har gjort den til ein favoritt?

Legenda lever vidare i tinn

Tinnkniven er kalla opp etter ein framifrå felespelar: Myllarguten frå Telemark, fødd i enkle kår på 1800-talet.

“Med tida utvikla han ein unik spelestil som var like lidenskapeleg som den var meisterleg, og han vart raskt kjend som Myllarguten med det magiske felespelet.”

Han var ei legende som løfta norsk folkemusikk til nye høgder, med tradisjonar som framleis lever den dag i dag.

Kniven er difor ei hyllest til den eineståande musikaren og historia hans, med ei allsidig utforming som passar til alle herrebunader, uansett kvar i landet du kjem frå.

Vil du lesa meir om Myllarguten frå Telemark?

Akkurat som musikken til Myllarguten har inspirert generasjonar, er også denne bunadskniven laga for å gå i arv.

Tinnkniven har graveringsfelt til initialar og dato som gjer kniven meir personleg, anten det er ei gåve til deg sjølv eller nokon andre. 

Kjøp Myllarguten bunadskniv her

 

Sjølve slira er laga av kuskinn, forma og sydd for å passa eksakt til kniven. Den er utsmykka med tinnbeslag med vakre graveringar av den tradisjonelle Telemarksrosa frå traktene til Myllarguten.

Skaftet, laga av masurbjørk, er slipt, olja og polert med presisjon, før knivbladet og tinnbeslaga vert monterte på for hand.

Veit du forresten kva side bunadskniv skal festast på?

 

Sjå fleire bunadsknivar i tinn:

Myllarguten frå Telemark vart døypt Torgeir Augundsson etter stefaren, møllaren Augund Torgeirsson, som mor hans gifta seg med då Torgeir var tre år gamal. Han vart altså fødd utanfor ekteskap, og kallenamnet fekk han truleg fordi den biologiske faren hans heitte Ole Knudsen Bonge Møller, og ikkje fordi han vaks opp som møllarson.

Éin ting er sikkert: Det var noko heilt spesielt med Torgeir. Allereie som liten gut var han besett av musikk og lærte tidleg å spela fele.

Som vaksen reiste han landet rundt og formidla historier gjennom musikken. Det vart mellom anna mange turar til Voss og Hardanger der han lærte seg slåttar frå lokale spelemenn.

Med tida utvikla han ein unik spelestil som var like lidenskapeleg som den var meisterleg, og han vart raskt kjent som Myllarguten med det magiske felespelet.

 

Foto: "Myllarguten" - Telemark Museum under CC BY-ND 4.0, tilgjengeleg på DigitaltMuseum.

Akkurat som musikken til Myllarguten har inspirert generasjonar,
er også Myllarguten bunadskniv i tinn laga for å gå i arv.