Personlege gavetips til morsdag og valentinsdag

Med morsdag og valentinsdag er februar ein månad dedikert til kjærleiken – til våre mødrer og til dei spesielle personane som har funne vegen til hjarta våre.

Det kan vera vanskeleg å vita kva ein skal gi i gave til morsdag og valentinsdag. Gaven skal gjerne vera ein hjartevarm gest som utrykkjer kjærleik og omtanke.

Her har me difor samla nokre gavetips som passar til begge høve. Gaver som er personlege og varige. Gaver som blenkjer av kjærleik.

Symbolet på kjærleik

Hjarteforma har ei lang historie og strekk seg tilbake til oldtida. På 1300-talet vart hjarteforma brukt i samband med litteratur og kjærleiksdikt, og har sidan den gong vore sjølve symbolet på kjærleik. Så kvifor ikkje gje ei gave med hjarteform?

Gavetips til morsdag og valentinsdag

Bunadsølv er meir enn berre vakre smykke, det er eit symbol for identitet og har gjerne høg affeksjonsverdi. Hjartesølje er ei gave med meining og eit uttrykk for kjærleik, og den kan absolutt brukast utan bunad.

Eit fint gavetips, som i tillegg er heilt unik, er ei sjølvdesigna hjartesølje. Design di eiga hjartesølje her.

Småsøljer

Småsøljer er også fine gaver til valentinsdag. Dei er inspirerte av dei større søljene til bunad og er fine å bruka som pynt på jakkeslag, skjorte eller ein enkel kjole.

 

17.mai sløyfe

17.mai sløyfe med hjartepynt er ei tidlaus gave som kan brukast igjen og igjen, år etter år. 

17.mai sløyfer er ei populær gave og passar perfekt til dei som har alt.

Du kan sjå alle sløyfene her.

Hårpynt

Hårspenner og hårstrikk som passar til resten av bunadsølvet har blitt svært populært dei siste åra. Me har eit stort utval hjarteforma hårpynt, som passar til bunader frå heile landet. 

Dette er tilbehøyr som også kan brukast utan bunad til kvardags, og kan difor vera eit godt gavetips til både mor og kjæreste.

Hårstrikka våre har ein smart patent som gjer det mogeleg å bytta ut strikken når den blir sleten eller for å tilpassa hårfarge.

LES OGSÅ: 3 kjappe frisyrar til bunad.

Øyrepynt

Øyrepynt som tradisjonelt passar til bunaden kan også brukast i andre samanheng. Her er mange fine å velja mellom.

Ringar
 

I likskap med øyrepynt kan fleire av bunadsringane brukast utan bunad. 

Dei to siste ringane har ikkje hjarteform, men er uansett fine morsdagsgaver eller valentinsgaver til kjæraste. Me snakkar nemleg om kjærleiksringane med vakkert dekorerte kjærleiksmotiv. På den største ringen er det to duer og eit hjarte som er gjennombora av to piler. Den minste har eit lite hjarte i midten med to motståande duer som matar avkommet.

 

LES OGSÅ: 5 gåvetips til morsdagen

Valentinsdag gave til han

Det er vel ikkje berre dama som skal få merksemd på valentinsdagen? Mannen fortener jo også å bli gjort stas på. Her er fine, minnerike og varige valentinsgaver til mannen. Fleire av desse kan også graverast med namn slik at dei vert ekstra personlege.