3 raske frisyrar til bunad

Med hårpynt som klemmer, strikk og spenner er det lett å lage flotte hårfrisyrar som passar til bunaden.

Ein heilt enkel hestehale kan bli festklar med lekker hårpynt

Her får du tips til tre enkle og kjappe frisyrar du kan lage heime, frisyrar som er fine både til konfirmasjon, 17. mai og andre høgtidsdagar.

Gløym avanserte fletteteknikkar og kompliserte oppsatsar. Du treng ikkje ha frisørferdigheiter for å bli festfin på håret. Alt som skal til er heilt enkle teknikkar og litt øving, så kan du sjølv skape flotte hårfrisyrar på deg sjølv.

Det skal altså ikkje så mykje til, sjølv ein heilt enkel hestehale kan bli festklar om du brukar ein lekker hårpynt i sølv.

I filmen ser du steg for steg korleis du kjapt kan få på plass bunadsfrisyren som passar deg.

 

Vil du ha fleire tips til ulike hårfrisyrar?

Les også: