Korleis stryka bunadskjorte
Er du ein av dei mange som er usikker på korleis bunadskjorta skal strykast? – Det er eigentleg ikkje så vanskeleg å få skjorta glatt og fin, seier Ingri Ingarsdotter, tidlegare dagleg leiar på Husfliden på Voss. Her fortel og viser ho framgangsmåten, steg for steg.
– Ikkje ver redd
– Ikkje ver redd, er det viktigaste bodskapet hennar.
Det kan kanskje verka som ei skremmande oppgåve å stryka bunadskjorte, anten den er i bomull eller lin, men med enkle teknikkar og litt førebuing treng du ikkje bekymra deg for å gjera noko feil.
– Slik som med alt anna, er det viktig å passa på at utstyret er i orden. Sjekk at det ikkje er skitne, fuktige flekkar på strykebrettet. Det same med strykejernet. Sjekk under at det ikkje er noko som må reinsast av, rådar Ingri.
– Skjorta må så klart også vera rein. Den treng ikkje vera fuktig om du brukar ein dampstrykejern. Elles er det eigentleg lite som kan gå gale så lenge du passar på temperaturen på strykejernet og ikkje har for høg varme, forsikrar ho.
Kortid skal bunadskjorta strykast?
Stryking av bunadskjorte kan du gjerne gjera nokre dagar før du skal bruka bunaden. Heng den fint opp på ein kleshengar etter stryking, så er den klar til bruk på den store dagen, anten det er konfirmasjon, 17. mai eller ei anna spesiell anledning.
Dersom du skal reisa vekk og pakka med deg bunaden, kan det likevel vera lurt å stryka skjorta i forkant, sjølv om den kan bli litt krøllete under transport. Du sparar tid og treng berre å glatta lett over med strykejernet før du tek bunaden på.
Slik stryk du bunadskjorta steg for steg
I filmen ovanfor viser og forklarar Ingri korleis bunadskjorta skal strykast.
- Finn fram strykejernet og pass på at temperaturen ikkje er altfor høg. Brukar du dampstrykejern treng ikkje skjorta vera fuktig når du startar.
- Stryk dei skjøraste delane på skjorta fyrst. Start med saumar i halsen, på bringa og mansjettane. Mansjettane kan gjerne strykast frå innsida. Bruk godt med damp.
- Så er det armane. Dra stoffet ut slik at du får erma heilt flatt. Så er det berre å stryka nedover, fyrst det eine ermet, så det andre, og få ein fin brett.
Når du kjem ned til mansjettane held du fast i mansjetten slik at du får dei naturlege rukkene som skal vera her. Stryk så mellom desse.
Her er meiningane delte: Nokon vil ha heilt runde erme medan andre meiner det er finast med ein strykebrett langs erma, midt på.
– Eg har lært frå mor mi at det skal vera ein brett midt på erme, fortel Ingri. Og bestemor sa alltid at bretten på damene si skjorte kan samanliknast med dei skarpe brettekantane langs buksebeina til mennene, som gir eit meir formelt og elegant uttrykk.
- Neste del er fronten og ryggen på skjorta. Brett gjerne armane fint nedover slik at dei ikkje vert krøllete medan du held på. Stryk godt med litt press og ha godt med damp. Dra ut saumane ved halsen slik at du kjem heilt inntil med strykejernet.
Så er skjorta plutseleg ferdigstroken og du kan henga den fint på ein kleshengar, klar til bruk.
Treng du mansjettknappar til bunadskjorta?
Er det nødvendig å stryka heile skjorta?
Store delar av fronten og ryggen på ei bunadskjorte er gjerne gøymt under vesten på bunaden. Mange spør seg difor om det er nødvendig å stryka heile skjorta.
– Fronten og ryggen på ei bunadskjorte er dei enklaste delane å stryka, så når du er komen så langt, kan du likså godt stryka heile skjorta, meiner Ingri. Men sjølvsagt, det er ingen som ser oppi bunaden din, så har du tidsmangel så treng du ikkje gjera det, avsluttar ho med og smiler.
Kortid bør bunadskjorta strykast?
Stryk gjerne bunadskjorta nokre dagar før den store festdagen, så slepp du å stressa med det kvelden før, eller til og med same dagen! Heng den luftig opp etterpå, så held den seg glatt og fin når den skal takast i bruk.
For å unngå at den gulnar bør du ikkje stryka skjorta rett før du skal gøyma den vekk i skapet.
LES OGSÅ: Korleis vaska bunadskjorte