Tips: Morgongåve til brud og brudgom
Morgengaven som brud og brudgom gjev til kvarandre på bryllaupsdagen, er ein vakker tradisjon. Det er eit hjartefylt uttrykk for kjærleiken og symbol på neste kapittel i livet som ektefellar. Når ein vel morgengaver er det viktig å fokusera på noko som vil skapa varige minner og ha stor affeksjonsverdi. Her får du gavetipsa!
Truleg er opphavet med å skjenka brura ei morgengave, dagen etter bryllaupet, frå tida då ektemannen måtte gje mundr til kona si. Verdien skulle sikra ho økonomisk dersom ho vart enke eller ektemannen skilde seg frå henne.
I dag er det den symbolske verdien som betyr noko. Gaver som kan bera vidare minnet om den store dagen og historia deira, til komande familiegenerasjonar.
Det er vanleg at også kvinna gir ei gave til mannen.
5 tips til morgengave til brura
1. Hengjesmykke/Offerdåse
For mange er hengjesmykke det gjævaste smykket til bunaden. Dei har namn som Agnus Dei, offerdåse, myntdalar eller brudedalar. Dei har ulike utformingar, men er bygd opp på same måte med ei kjede, eit stort midtstykke og tre mindre heng.
Ofte vart smykket gitt som trulovingsgasve, og brukt som ein del av draktsølvet til brura. Dermed var det berre gifte kvinner som fekk bruka det, og framleis i dag er det mange som ser på smykket som eit symbol på at kvinna er gift.
Hengjesmykket kan brukast inntil dei fleste bunader, og myntdalaren spesielt er utbreidd over heile landet. Her finn du utvalet av hengjesmykka.
LES OGSÅ: Dette smykket gir bunaden eit løft
2. Hjartesølje
Som eit symbol på kjærleiken, var det vanleg å gje hjartesølje som kjærastegave. Krafta i sølja vart sett på som lykkebringande, og skulle verna mot vonde makter.
Gamle hjartesøljer av ulike slag har vorte funne over heile landet, og desse er utgangspunktet for dagens hjartesøljer til fleire av bunadene i dag. Nokre av hjartesøljene kan også vera flotte å bruka utan bunad. Finn utvalet av hjartesøljene her.
LES OGSÅ: Kjært barn har mange namn
3. Sølvbelte
Sølvbelte er ei staseleg gåve å gje! Og med beltestøl som kan graverast med namn, initialar eller dato, blir gaven veldig personleg.
Tradisjonen tru var det berre gifte kvinner som kunne ha eit vakkert sølvbelte. Det var ein del av brurestasen, og på same måte som med hengjesmykket, symboliserte beltet overgangen frå ugift til gift.
Ofte fylgde beltet med garden slik at det var den nye husfrua som flytta inn som skulle få bruka det.
4. Kjærleiksring
Denne typen ringar kallar me kjærleiksringar. Dei har direkte opphav frå såkalla rasleringar frå 1700-talet, funne over heile landet. Slike ringar hadde små heng som «rasla».
Om du ser nøye på ringane så forstår du kvifor dei kan vera fine morgongåver. På den største ringen er det to duer og eit hjarte gjennombora av to piler, symbol for trufast kjærleik.
På den minste ringen er det eit lite hjarte i midten med to motståande duer som matar avkommet sitt.
5. Stabbursnøkkel med kjede
Kvifor gje ein stabbursnøkkel, tenkjer du? Vel, den er også kjent som husfruenøkkel og vert i dag brukt som eit nydeleg smykke på bunaden, tradisjonelt sett til gifte kvinner.
LES OGSÅ: Kor skal stabbursnøkkelen henga?
Å få overta husfruenøkkelen av mor eller svigermor i det gamle bondesamfunnet, var høgtideleg. Det innebar makt og status. Husfrua på garden hadde nemleg det øvste ansvaret for hushaldet, og var den som hadde tilgang til maten i stabburet.
Morgengave til mannen
Finn ein meiningsfylt gave til minne om bryllaupsdagen og starten på livet som ektefellar.
Knappar til herrebunad
Mange menn ynskjer gjerne å få seg bunad når dei er vaksne. Gje knappar til brudgommen og start samlinga av bunadsølv.
Bunadskniv
Bunadskniv er eit viktig tilbehøyr til herrebunaden og er ei ekstra staseleg gave å få. Nokre av knivane har skinnslire med graveringsfelt i sølv slik at ein kan setja eit personleg preg på gaven.
LES OGSÅ: Alt du treng å vita om bunadskniv
Lommeur med kjede
Den runde forma til klokka – sirkelen - representerer æva. Den fullkomne totaliteten. Eit teikn på kjærleiken som skal vara evig. Meir romantisk kan det ikkje bli! Med gravering blir den ekstra personleg.
Se også klokkekjeder.