Gåvene som får jula til å blenkja

Jula, høgtida for kos og hygge. For det ekte og det personlege, det minneverdige og meiningsfulle. Går du for julegaver av sølv til dine kjære, går du for noko tidlaust med evig liv. 

På Vangsvatnet har det lagt seg eit tynt lag av is, og på fjella rundt vossebygda glitrar det i det fyrste, kvite gullet. Ute i den kalde, klare morgonen kan ein skimta eit varmt ljos som strålar ut frå glasa i verkstaden til Sylvsmidja.

Der inne jobbar flittige hender med vakre julegåver som blenkjer om kapp med nysnøen på dei høge toppane.

 

Gaver som kan gå i arv

Kvar einaste dag no før jul sender Sylvsmidja alt frå nydeleg hår- og øyrepynt til elegante bunadsknivar, halssøljer, staselege lommeur og praktfulle søljer landet rundt. Og tru det eller ei: 17. mai-sløyfer med sølvnål er faktisk den aller mest populære julegaven me lagar.

-Ei gave frå Sylvsmidja er noko mottakaren kan ha gleda av i årevis. Kanskje ho til og med kan arvast vidare til neste generasjon, seier Stine Gullbrå Lid, ei av totalt 65 tilsette i Sylvsmidja.
 
Mange spør kva slags sølv som passar til dei ulike bunadene, og om dei kan bruke ei sølje som dei har arva til den bunaden dei har, og det kan dei. Bruk det arvesølvet du har. Det er ikkje så strengt som mange trur.
 

Personlige gaver

Med over 2000 sølvprodukt til 64 ulike bunader og folkedrakter er det mange flotte gaver å velja mellom hjå Sylvsmidja. Julestjerna treng altså ikkje å blenkja aleine denne jula.

– Ynskjer du å gje ei ekstra personlig gave til nokon, kan du få gravert inn tekst på produktet du kjøper, tipsar Stine.

Synest du det er vanskeleg å vita kva du skal gi til nokon til jul? Då er dette løysinga for deg: Kjøp eit gåvekort frå Sylvsmidja, og lat den heldige mottakaren sjølv få klikka heim den nye sølvskatten sin.

Ynskjer du å handla bunadsølv lokalt hjå ein gullsmed eller ei syvstove? Sylvsmidja har forhandlarar over heile landet.

Gaver du kan gje i årevis

Heilt sidan 1940 har Sylvsmidja perfeksjonert handverket og vore med på å auka både kunnskap og lidenskap for bunadsølv i heile landet. Samtidig som verksemda er oppteken av å ta vare på stolte tradisjonar, møter ho framtida med opne armar og driv med spennande produktutvikling.

Ein digital beltekalkulator er ein av dei populære nyvinningane. Her kan dei som ynskjer seg sølvbelte få pris på akkurat sitt draumebelte. 

Eit sølvbelte består av ei skinn- eller stofflist, beltestølar, beltespenne og eventuelt borer. Beltedelar er glimrande gaver som kan gis år etter år, både til bursdagar og jul, til beltet er komplett.

Stadig fleire ynskjer seg eit staseleg sølvbelte til bunaden, men veit du kor mange beltestølar du treng? I beltekalkulatoren til Sylvsmidja får du svar på nettopp dette.

 

LES OGSÅ: Tips til ein litt meir berekraftig jul

 

Leiter du etter ei gåve til nokon som har «alt», er det beste tipset ei 17. mai-sløyfe med sølvnål. Ei 17. mai-sløyfe frå Sylvsmidja er ei flott gave til store og små, ja til og med til dei firbeinte.


Bunadsknappar
er eit anna døme på ei ideell gåve som kan givast over fleire år. Eit av spørsmåla som fort melder seg, er kor mange knappar som trengs til ein komplett herrebunad. Her finn du svaret på det.

LES OGSÅ: 17 julegaver som varer

Ekte bunadsølv er ei personlig gave

Gir du ei gave av sølv, gir du noko tidlaust som mottakaren kan ha gleda av resten av livet. Sølv er ein av få ting som kan sjå heilt nytt ut sjølv om det er svært gammalt. Berre det beste bunadsølvet kan leva i generasjonar og går i arv.
 

Nok eit supert gavetips er små søljer som kan brukast til barnebunaden, men òg seinare i livet sidan dei kan brukast utan bunad.

Investerer du i bunadsølv frå Sylvsmidja gir du ei personlig gave som varer og vert eit kjært minne.

LES OGSÅ: Tips til ein litt meir berekraftig jul