Slik designar du di eiga sølje

Vil du ha ei unik sølje til din eigen bunad eller ei spesiell gåve til bursdag eller konfirmasjon? Hos oss kan du enkelt designa ekte handverk som ingen andre har.

– Dei siste åra har me sett eit større utval i liv-fargar på tradisjonelle bunadar. Me har fått nyare rekonstruksjonar av bunader med andre fargar enn det som har vore standard i dei ulike distrikta tidlegare. I tillegg har det også blitt ein større bruk av festdrakter med stor friheit på søljeval, fortel gullsmed og produktutviklar i Sylvsmidja, Anders Fagerthun og fortset:

– Desse endringane gjer at stadig fleire ønskjer tilpassingar i dei tradisjonelle søljene, men design av eiga sølje er sjølvsagt for alle som ønskjer det. 

Design di eiga sølje her

Vel farge, stein og lauv på sølja

Med utgangspunkt i hjartesølje, ansiktssølje, rosesølje og bolesølje kan du enkelt designa di eiga sølje. I tre steg kan du velje kva sølje du vil ta utgangspunkt i, klikke på delane du ønsker å byta ut og velja dei lauva eller henga du vil ha på sølja. I søljebyggaren visast endringane du gjer undervegs, og du vil heile tida sjå korleis di nye sølje blir sjåande ut. Når du designar di eiga sølje, har du mogelegheit til å få gravert inn initial på lauv.

– Men sjølv om du lagar di eiga sølje er den tufta på gamle, tradisjonelle og velbrukte bunadsølv-komponentar, forsikrar gullsmeden. 

Me utviklar heile tida nye produkt

Hos Sylvsmidja finn du eit stort utval av bunadsølv til bunadar og festdrakter over heile landet, og utvalet utvidast stadig. Du har stor valfridom i tilbehøyr til bunaden, og på hårstrikk, hårspenner og hårklemmer kan du velje mellom ulike overflater og steinar. Alt av bunadsølv og tilbehøyr vert laga i verkstaden på Voss.