Spor smykkeserie Blad

Formene i smykka i Blad-serien spenner frå det abstrakte og enkle til det detaljerte og naturalistiske.

Dei runde lauva har naturinspirert tekstur der glattpolerte flater møter organiske detaljar. I det naturalistiske bjørkebladet kan du sjå, akkurat som når du held eit bjørkeblad opp mot lyset, dei vevre organiske linjene spegle seg. Bladvev hentar inspirasjon frå det perfekte uperfekte i naturen med perforerte detaljar. 

I Blad-serien er det skapt smykke som kan brukast på ulikt vis, der abstrakte og naturalistiske bladformer dannar ein harmonisk heilskap.

Sjå også seriane LavKnopp, og Hav.

Bladvev introduserer smykke i antikkforgylt sølv. Den gylne fargen gir ein naturleg varm glød til uttrykket.