
Spor smykkeserie Hav
Langstrakte tareblad som svaiar symfonisk med straumen, og tangen ved fjæra med små luftfylte blærer og bølgjande blad – det er inspirasjonen til Hav-serien.


Hav – smykker i tidlaust sølv, inspirert av tang og tare.
Kvart smykke er elegant designa av Anne Lise Tollefsen og laga med presisjon av dei dyktige gullsmedane i Sylvsmidja på Voss. Organiske former og blanke overflater kjenneteiknar serien.
Det er som om ein kan høyra bølgjebrus og kjenna smaken av saltvatn når ein ser skinet i dei blanke sølvssmykka.
Smykke med rosenkvarts stein
Hav-serien introduserer rosenkvarts, som du finn i både ring og øredobb. Rosenkvarts er kjent for sine milde, rosa tonar og kjærleiksfulle energi. Denne steinen er assosiert med kjærleik, medfølelse og helbredelse. Spor-smykka nyttar fair trade rosenkvarts, noko som sikrar at steinane er etisk utvunne med respekt for både menneske og miljøet.