Spor smykkeserie Knopp

Dropane som speglar morgonsola, håpefulle knoppar som ber løfta om nytt liv. Knopp-serien hentar impulsar frå ørsmå detaljar og naturalistiske epleknoppar.

Utviklinga av smykkeserien Knopp byrja med små perleforma knoppar. Små runde knoppar er plassert symmetrisk eller organisk på øredobber, ringar og halskjede - eit vakkert blikkfang som blenkjer i lyset. 
Vidare er Knopp-serien utvikla i ei naturalistisk retning med knoppar som minner om ein epleknopp like før og etter at den opnar seg. 

Sjå også våre andre seriar LavBlad og Hav.

Knopp-serien introduserer vakre perlesmykke og perlearmband med naturstein. 

Øyrepynt frå Knopp-serien

Øyrepynten i Knopp-serien har små blenkjande knoppar plassert symmetrisk på creol eller organisk på abstrakte former. Øyrepynten spenner frå subtile til meir iaugefallande design. 

Knopp ringar