Gavetips til farsdag
Er du på jakt etter gave til farsdag eller til ein viktig mann i ditt liv? Me har samla tidlause gavetips, til mannen med bunad og til mannen utan. Her er gavetipsene som både er personlege og varige.
Gave til farsdag som varer
Bunaden er ein stolt del av den norske kulturarven vår, og knappane speler ei sentral rolle for å halda saman det tradisjonelle antrekket.
Knappar er ei perfekt gave til mannen som skal ha bunad. Mange vel å samla opp knappar og gje i gave til både farsdag, jul og bursdag. Her kan du bestemma sjølv kor mange knappar du vil gje.
Er du usikker på kor mange knappar bunaden treng? Her får du oversikta over kor mange knappar herrebunaden treng
17. mai-sløyfe
Me har eit stort utval av 17. mai sløyfar med ulike motiv. 2-i-1 sløyfa har 17. mai sløyfe og sølvpynt i same produkt. Sløyfa kan takast av og sølvpynten kan brukast for seg sjølv. Slik kan den brukast heile året til alle festlege høve, både til dress og bunad. Ein flott farsdagsgave.
Halssølje, halsknapp og halsring
Ei halssølje, ein halsknapp eller halsring er ein viktig del av bunaden. Halssølja blir festa i halskragen på skjorta og finst i eit mangfald av vakre og detaljrike utformingar. Når du gir ei halssølje, gir du ei gave med meining og ei gave som varer livet ut.
Lurar du på kva halssøljer som høyrer til bunaden? Velg bunad her så får du oversikt over hvilke søljer som passar til din bunad.
Halsringen er også fin å bruka utan bunad, den kan brukast som brosje for å gjera festantrekket endå meir staseleg.
Bunadskniv
Bunadskniv er ei ekstra staseleg gave å få og er eit viktig tilbehøyr til herrebunaden. En gjæv presang til farsdag.
Nokre av knivane har skinnslire med graveringsfelt i sølv slik at ein kan setja eit personleg preg på gaven.
Sjå alle bunadsknivane her.
Jakkeskjold med gravering
Ovalt jakkeskjold i sølv som kan syast på innsida av bunaden og kan graverast med namn eller initialar. Eit fint sølvprodukt og ein personlig farsdagsgave.
Jakkeskjoldet kan også festast i dressjakka eller frakken.
Skrin til bunadsølv
For å halda bunadsølvet fint og blankt over tid bør det oppbevarast reint, mørkt, tørt og lufttett. Innlegget i skrinet er behandla med antioksideringsmiddel som vil halda bunadsølvet blankt og fint. Skrin til bunadsølv er ei praktisk gåve til mannen som har bunadsølv. På nokre skrin kan du også gravera inn namn.
Finn oppbevaring for bunadsølv her.
Her har me samla våre beste gavetips til mor.