Bunadsølv til herre: Alt du treng å vita
Her får du ei komplett oversikt over alt du treng av bunadsølv og tilbehør til herrebunad.
Kva bunadsølv treng ein til herrebunad?
Først og fremst må du ha sølvet som held bunaden saman. Dette varierer frå bunad til bunad, men inkluderer som regel knappar, mansjettknappar, halssølje og eventuelt knespenner og spenne til vesten.
Mange vel bunadsølvet som tradisjonelt høyrer til bunaden.
Velg bunad her, og få full oversikt.
Er du usikker på kva bunad du skal velja?
Knappar
Av bunadsølv til herrebunad er det knappane som verkeleg briljerer, og det blir ofte brukt både store og små. Antallet varierer frå bunad til bunad. Det er det lurt å spørja den som syr bunaden om kor mange du treng, då det og kan variera frå systove til systove.
Sjå vår knappeoversikt, til ulike herrebunader
TIPS: Ønsk deg knappar til jul og bursdagar, så har du eit komplett sett før du veit ordet av det!
Mansjettknappar
Mansjettknappar er viktige for å halda skjorterma saman og gir eit stilfullt preg til bunaden. Du kan velja dei som matchar knappane på bunaden, eller eit par som er meir utsmykka for å gi antrekket eit ekstra løft.
Når du festar mansjettknappane, er det viktig at dei kjem godt til syne. Hald armane naturleg ned langs sida for å sjå korleis dei tek seg best ut.
Her kan du sjå korleis du festar bunadsølv på herrebunad.
Halssølje
Halssølja er òg ein sentral del av herrebunaden, og finst i fleire utformingar. Hornring og halsring er vanleg å bruka på bunader frå Telemark, medan halssølje med heng ofte blir brukt på vestlandesbunader. Andre har også eigenforma sølje, tildømes sunnmørsbunad og tromsbunad.
Kne- og vestspenne
Til vesten treng du ei vestspenne. Har du nikkers til bunaden, må du òg ha eit par knespenner som både held på pålass og gir ein dekorativ detalj.
Tilbehøyr til herrebunad
Bunadskniv
Bunadskniven er eit tradisjonelt og gjevt tilbehøyr til herrebunaden. Både skaftet, slira og beslaga er laga i verkstaden vår på Voss. Bunadskniven er eit verdifullt minnestykke som kan gå i arv frå generasjon til generasjon.
Veit du på kva side bunadskniven skal henga? Alt du lurar på om bunadskniv får du svar på her.
Lommeur
Lommeuret er eit eksklusivt tilbehøyr til herrebunaden og gir antrekket eit stilfullt og sofistikert preg. Dei er laga av det sveitsiske selskapet Aerowatch, kjent for sin høge kvalitet. Kombinert med ei klokkelenkje i sølv vil heva bunaden og passar perfekt til festlege høve. Lommeur og kjede er forresten like fint til dress som til bunad.
Herrebelte med sølvspenne
Har du bukse til bunaden, kan det vera fint med eit belte med sølvspenne. Det er både dekorativt og praktisk for å halda buksa på plass.